Radiokjelde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ei radiokjelde er lekamar i verdsrommet som sender ut kraftige radiobølgjer. Radiostrålinga kjem frå ei rekkje kjelder, og somme av dei er dei mest ekstreme og energirike fysiske prosessane i universet.

Den første radiokjelda som vart oppdaga var det galaktiske senteret i Mjølkevegen, der det finst fleire radiokjelder, mellom anna det supermassive svarte hòlet i sentrum. Sola sender ut stråler i dei fleste frekvensar, mellom anna ned til radiospekteret på 300 MHz (1 m bølgjelengd). Supernovarestar har ofte diffus radiostråling. Døme er Cassiopeia A, den mest lyssterke radiokjelda på himmelen, utanom sola, og Krabbetåka.

Supernovaer etterlet stundom, tette spinnande nøytronstjerner kalla pulsarar. Dei sender ut jettar av ladde partiklar som emitterer synkrotronstråling i radiospekteret. Døme på dette er Krabbepulsaren, den første pulsaren som vart oppdaga. Pulsarar og kvasarar vart begge oppdaga av radioastronomar.

Mange galaksar sender ut kraftige radiobølgjer, og vert kalla radiogalaksar. Somme av dei mest kjende er Kentauren A og Messier 87.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]