Ragnvald Mørejarl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ragnvald Mørejarl (død 892) er i fylgje Snorre Sturlasson son til Øystein Glumra og levde samstundes med Harald Hårfagre, som sette han til høvding over Nordmøre og Romsdal (og etter kvart Sunnmøre). Han var difor ein av mørejarlane. Kongen bestemte at stormenn og bønder hadde plikt til å hjelpa han med nok menn og skip til å verja landet mot ufred. Ragnvald vart òg kalla Ragnvald jarl den mektige eller den snøggrådde og det vart sagt at begge namna var sanne.

Ragnvald jarl var gift med Hild, dotter til Rolv Nevja. Ein av sønene hans var Gange-Rolv, som sidan skal ha vorte hertug over Normandie (911). Ein annan var Ivar (frilleson), som skal skal ha falle i kamp i Skottland. I vederlag for tapet av sonen gav kong Harald Ragnvald jarl Orknøyene og Hjaltland, som han i sin tur gav til bror sin Sigurd. Soga nemner dessutan ein son Tore Teiande, som skal ha vore heilbror med Gange-Rolv og frillesønene Haddad (nokre stader kalla Hallad), Torv-Einar og Rollaug.

Haraldsønene Halvdan Hålegg og Gudrød Ljome skal ha brent Ragnvald og 60 mann inne ein gong dei kom over han. Kong Harald sette da Tore, son til Ragnvald jarl, over Møre og gifta han med Ålov, dotter si, ho som vart kalla Årbot. Tore jarl Teiande fekk då same riket som far hans Ragnvald hadde hatt.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]