Rakel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rakel er eit kvinnenamn avleia av det hebraiske ordet for «lamsau». I dansketida vart namnet oftast skrive Rachel, og denne skrivemåten har tatt seg opp att i nyare tid, sjølv om den skrivemåten med K er vanlegast.

Rakel har i Noreg namnedag 3. juni.

Utbreiing gjennom tre hundreår:

  • I 1801 var det etter folketeljinga om lag 750 som het Rachel/Rakel/Rackel.
  • I 1900 var det etter folketeljinga om lag 3000 som het Rachel/Rakel/Rackel.
  • I 2007 var det nær 1940 med namnet Rakel eller Rachel.

Rakel som bibelsk namn[endre | endre wikiteksten]

Rakel er nemnd fleire gonger i Bibelen, og det er då vist til Rakel, Labans dotter. Rakel vart, som systera Lea, gift med Jakob. Ho var mor til Josef og Benjamin og vert rekna som ei av dei jødiske stammødrene.

Sjå òg:[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fyrste Mosebok 29.6 f