Recoverybreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 81°10′S 28°00′W
Recoverybreen
isbre
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Coats Land
 - koordinatar 81°10′S 28°00′W
Kjelde
Munning Weddellhavet
Lengd 100 km
Breidde 64 km
Administrert under Antarktistraktaten
Recoverybreen is located in Antarktis
Recoverybreen (Antarktis)

Recoverybreen er ein isbre som flyt vest langs sørsida i Shackletonkjeda i Antarktis. Han vart oppdaga frå lufta og utforska frå bakken under Commonwealth Trans-Antarctic Expedition i 1957, og fekk dette namnet fordi kjøretøya nytta under ekspedisjonen fleire gonger måtte bergast (recovery på engelsk) frå bresprekk på denne breen under kryssinga av Antarktis. Han er minst 100 km lang og 64 km brei ved munningen.

Recoverystraumen, som drenerer delar av Den austantarktiske iskappa inn i breen, er nesten 800 km lang og gjev is til Filchnerisen i Weddellhavet. Området inneheld fire subglasiale sjøar, og fører til at isstraumen varierer dramatisk, frå 2 til 50 meter per år. Isstraumen drenerer kring 35 milliardar tonn med vatn og is i havet kvart år[1], medan heile det Det austantarktiske isdekket gjev frå seg kring 57 milliardar tonn på eit år.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Scott, Michon. «The Role of Subglacial Lakes». National Aeronautics and Space Administration. Earth Observatory. http://earthobservatory.nasa.gov/Features/IceMoving/icemoving_sidebar.php. Henta 16. oktober 2012. 
  2. Sample, Ian (22 November 2009). «World's largest ice cover melting faster than expected». The Guardian. 

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Recoverybreen» (innhald frå Geographic Names Information System).