Regionar i Latvia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Historiske regionar i Latvia, i lag med latviske kulturelle grupper.

Latvia er delt inn i fleire historiske og kulturelle regionar.

Den latviske grunnlova viser til fire regionar:

Ein femte region er Sēlija (Selonia, Augšzeme), som ofte vert rekna som ein del av Semigallia. Selonia består av den austlege delen av provinsen Semigallia, som om lag utgjer til delar av fylka Aizkraukle, Daugavpils og Jēkabpils sør for Daugava. Tradisjonelt inkluderer Selonia òg nordaustlege område av Litauen.

I nokre høve vert Kurzeme og Zemgale omtalt som ein region. Dette viser til den politiske delinga av Latvia mellom 1629 og 1917 då Kurzeme og Zemgale var i lag, først som Hertugdømet Kurland, så som Kurland gubernija i Det russiske riket, medan Vidzeme og Latgale var politisk delt, både frå Kurland og frå kvarandre. Ut frå dette synet er det tre regionar: Kurzeme (inkludert Zemgale og Sēlija), Vidzeme og Latgale. Denne delinga av Latvia i tre regionar er ikkje i bruk til vanleg, men ein kan sjå spor etter det i riksvåpenet til Latvia og i fridomsmonumentet i Riga som begge inneheld tre stjerner; ei for Kurzeme, Vidzeme og Latgale, som vart samla til Latvia i 1918.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]