Rennes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rennes
La Vilaine à Rennes.JPG
Byvåpenet til Rennes
Byvåpenet til Rennes
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Bretagne
Ille-et-Vilaine
Overborgarmeister Nathalie Appéré
Geografi
Flatevidd
 - By

50,39 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik
 - Storbyområde

206 229
  4 092/km²
521 188
Koordinatar 48°06′53″N 1°40′46″WKoordinatar: 48°06′53″N 1°40′46″W
Høgd over havet 30 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: Offisiell nettside
Plassering
Rennes dot.png

Rennes (Gallo: Resnn, bretonsk: Roazhon) er ein by nordvest i Frankrike og aust i Bretagne. Rennes er hovudstad i regionen Bretagne og préfecture (hovudstad) i departementet Ille-et-Vilaine.

Folketalet i Rennes er etter ei folketeljing i 1999 på 206 229, og i 2004 estimert til 209 100. Storbyområdet til Rennes har 521 188 innbyggjarar (1999). Innbyggjarane i Rennes vert kalla Rennais.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Det gamle sentrumet i byen er bygd på ein ås, der nordsida ligg høgare enn sørsida. To elvar møtes i byen, Ille og Vilaine.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Der elvane Ille og Vilaine renn i hop grunnla det armoriske folket Redones i det første hundreåret fvt. byen Condate. Arkeologiske utgravingar har funne mange myntar som dei gav ut, mellom anna den såkalla Amanlisskatten, som vart funne i 1835. Desse myntane kan ein sjå på museum i Rennes.

Redonerane slo seg saman med gallarane mot Roma i år 57 fvt., som vart forrådt av Crassus. Romerske sendebud vart teke til fange i byen, noko som fekk Julius Cæsar til å sende troppar til området. År 52 fvt. slo mange redonarar seg saman med Vercingetorix sine troppar, men området kom snart heilt under romersk styre. Romarane kalla Rennes for Condate Riedonum. Byen låg strategisk til nær via Osismii. Undre trugsel for invasjon på 200-talet vart det reist ein teglmur rundt heilt byen, og han vart kjend som den raude byen.

I mellomalderen var Rennes folkesett av bretonarar, og var frå 851 ein del av Bretagne.

I moderne tid er Rennes kjend for rettsaka mot Alfred Dreyfus som fann stad her.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rennes