Raudstrupe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Raudstrupe
Raudstrupe
Raudstrupe
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av raudstrupe
Utbreiinga av raudstrupe
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Muscicapoidea
Familie: Flugesnapparfamilien Muscicapidae
Slekt: Erithacus
Art: Raudstrupe E. rubecula
Vitskapleg namn
Erithacus rubecula

Raudstrupe (Erithacus rubecula) er ein fugl som har vore rekna til småtrostane. Nyare forsking har vist at desse er nærare i slekt med flugesnapparane.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Raudstrupe finst i det meste av Europa, Vest-Sibir og Nord-Afrika. Fuglen har truleg hatt ei liknande utbreiing dei siste 200 åra. Sørgrensa for hekkeområdet går i Nord-Afrika og inkluderer Asorane og Madeira. Desse øyane utgjer vestgrensa. Grensa mot søraust går ved Kaukasus. Arten førekjem ikkje på Island.

Storparten av verdspopulasjonen av raudstrupar er standfuglar. Majoriteten av dei britiske raudstrupane er også standfuglar, men ein liten minoritet, oftast hoer, flyttar til Sør-Europa om vinteren, nokre få så langt som til Spania. Skandinaviske og russiske raudstrupar flyttar til Storbritannia og Vest-Europa for å unngå dei strenge vintrane. Raudstrupen føretrekkjer granskog i det nordlege Europa, i kontrast til kjærleiken til parkar og hagar på Dei britiske øyane. I Noreg er fuglen vanleg i blandingsskog og barskog i Sør-Noreg og Trøndelag.

Underartar og morfologiske skilnader[endre | endre wikiteksten]

Den britiske underarten, Erithacus rubecula melophilus, skil seg lite frå fuglar på kontinentet.
  • Erithacus rubecula rubecula inkl. sardus (Kleinschmidt, 1906) & balcanicus (Watson, 1961) - nominatforma hekkar på kontinentet i Europa og aust til Ural, i vestre Tyrkia og på vestre Kanariøyane. (sjå nedanfor).
  • E. r. melophilus (Hartert, 1901) - er standfugl på dei britiske øyane men førekjem også på andre sida av Engelske kanalen og som tilfeldig gjest i tilgrensande regionar. Har sterkare farga bryst enn nominatforma og ei meir olivenfarga overside.
  • E. r. superbus (Koenig, 1889) - hekkar på Tenerife og Gran Canaria. Detta er det mest vel avgrensa raudstrupetaksonet og reknast iblant som den eigne arten Erithacus superbus (sjå nedanfor).
  • E. r. witherbyi (Hartert, 1910) - standfugl i nordvestre Afrika, på Korsika og Sardinia. Denne er morfologisk mykje lik melophilus men har kortare vengar.
  • E. r. tataricus (Grote, 1928) - hekkar i raudstrupen sitt nordaustlege område i det vestlege Sibir. Denne er større enn nominatforma og har ei ganske bleik fjørdrakt.
  • E. r. valens (Portenko, 1954) - hekkar på Krim.
  • E. r. caucasicus (Buturlin, 1907) - hekkar i austre Tyrkia, Kaukasus og det nordlege Transkaukasus.
  • E. r. hyrcanus (Blanford, 1874) - hekkar i raudstrupen sitt søraustlegaste utbreiingsområde i Transkaukasus og i Iran.

Dei fyire søraustlege populasjonane tataricus, valens, cacasicus og hyrcanus, skildra ovanfor, reknast til vanleg som underartar, men det finst avvikande oppfatningar.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Juvenil raudstrupe

Ein adult raudstrupe av nominatforma er 12,5–14,0 cm lang med eit vengespenn på 20–22 cm og ein stjert på 5,7–6,2 cm og ei vekt på 16–22 gram. Han er ein liten fugl med rund kroppsform, spesielt når han brusar opp fjørene. Hovudet ser stort ut og ser ofte ut til å sakne hals. Fuglen har ganske lange mørkbrune bein, svart spiss nebb og svarte auge. Kjønna er like både på storleik og fargar. Raudstrupen har eit kraftig oransjeraudt (teglraudt) bryst og ansikt omgjeve av blåaktig grått på sidene av halsen og brystet. Oversida er brunaktig, kroppssidene grå til brunaktige og buken gråkvit. Svingfjører og styrefjører er brune med noko lysare kantar og dei øvre vengedekkfjørene har rustgule spissar som gir fuglen eit tynt gult vengeband som er tydelegast på ungfuglar. Juvenile fuglar er brune på oversida med gul vatring på hovudet og litt bakover. Stjerten er brun medan overgumpen er lyst rustbrun. Haka og brystet er gulkvite med mørkare vatring og buken er gulkvit på farge, med flekkar av raudt som gradvis trer fram. 2-3 månader etter at fuglane kan flyge veks dei første raudaktige fjørene ut på brystet og når enda 2-3 månader har gått har fuglen utvikla adult drakt.

Læte[endre | endre wikiteksten]

Syngande raudstrupe

Raudstrupen har ein fløytande, kvitrande song i hekkesesongen, då han ofte syng på kvelden og iblant på natta. Nattleg song førekjem blant raudstrupar i bymiljø på plassar med mykje bråk om dagen, noko som tyder på at dei syng om natt fordi det er stillare slik at songen når lengre. Granskingar i Sheffield i England viser at bråk om dagen har meir å seie enn kunstige lyskjelder når raudstrupane flyttar songen til natta. Både hannen og hoa syng i vinterhalvåret, då dei held åtskilde revir. Songen læt då meir klagande enn om sommaren, samt meir høglydt. På plassar der raudstrupane ikkje er trekkfuglar brukar hoene flytta eit kort strekk frå revira sine til plassar som er betre for matsøk, medan hannane passar revira sine året rundt.

Raudstrupesongen kan skildrast som ein pludrande bekk. Den har mange klare tonar med like mange tempovekslingar. Ofte vert songen innleidd med ein høg uthaldande tone. Lokkelæta er eit kneppande tikk. Når fuglen er uroleg vert læta dregen ut i lange seriar, tikk-ikk-ikk-ikk. Det liknar på ei klokke som vert dregen opp.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Egg

Hoa legg oftast egg i mai-juni. Ungane blir i reiret 14. dagar, men blir framleis mata nokre veker etter at dei har forlate det.

Trekktilhøve[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste raudstrupar i nordlege del av utbreiingsområdet er trekkfuglar, i Noreg overvintrar nokre i sørvestre delar av landet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Raudstrupe
Spire Denne dyreartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.