Riksmålsordlisten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Riksmålsordlisten er ei normativ ordliste for norsk riksmål, som vert gjeven ut av Kunnskapsforlaget i samarbeid med Riksmålsforbundet. Ordlista er godkjend av Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur og følgjer deira normering av riksmålet.

Den fyrste utgåva vart gjeven ut i 1952 av Dreyers Forlag og Riksmålsforbundet. Grøndahl og Dreyers Forlag gav ut 6. utgåve i 1994, men frå 7. utgåve (2007) er Kunnskapsforlaget utgjevar.

Ordlista opplyser om stavemåte og bøying på riksmål for ca. 40 000 oppslagsord.

Frå 6. utgåve er Tor Guttu redaktør.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Riksmålsordliste til daglig bruk, Riksmålsforbundet, Dreyer, 1952, 1. utgåve, 109 s.
  • Riksmålsordliste til daglig bruk, Riksmålsforbundet, Dreyer, 1956, 2. rev. utgåve, 111 s.
  • Riksmålsordliste til daglig bruk, Riksmålsforbundet, Dreyer, 1958, 3. rev. utgåve, 111 s.
  • Riksmålsordlisten, Riksmålsforbundet, 1973, 5. utgåve, 215 s.
  • Riksmålsordlisten, Riksmålsforbundet, 1976, 5. utgåve, 2. rev. oppl., 223 s
  • Riksmålsordlisten, redaktør Tor Guttu, Grøndahl og Dreyer, 1994, 6. utgåve, 233 s., ISBN 9788250421790
  • Riksmålsordlisten, redaktør Tor Guttu, Kunnskapsforlaget, 2007, 7. utgåve, 270 s., ISBN 9788257319199