Riksmålsforbundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bjørnstjerne Bjørnson, Riksmålsforbundets grunnleggjar

Riksmålsforbundet er ein norsk språkpolitisk organisasjon som vart grunnlagt i 1907 som ein reaksjon på stiftinga av Noregs Mållag året før. Den første leiaren var Bjørnstjerne Bjørnson. Den første tida konsentrerte Riksmålsforbundet arbeidet om å stoppe framgangen til det nynorske Landsmålet.

Den første tida var Riksmålsforbundet positive til det språklege reformarbeidet som bygde på Knud Knudsen si line. Riksmålsforbundet braut med det offentlege arbeidet for reformer i riksmålet etter rettskrivingsreforma av 1917. Dei såg at det offentleg normerte skriftspråket fjerna seg frå «det dannede talesprog», omgangsspråket blant overklassen i byane. Då skolestyret i Oslo i 1939 gjorde vedtak om at skolen i undervisninga skulle bruke lærebøker med flest mogleg «tilnærmingsformer», det vil seie språkformer som var felles for bokmål og nynorsk, kvesste språkstriden seg til. Etter krigen konsentrerte Riksmålsforbundet innsatsen om å arbeide mot utviklinga av eit samnorsk skriftspråk. Spesielt agiterte dei mot læreboknormalen.

I 1950 gav forbundet ut tidsskriftet Ordet med Arnulf Øverland som redaktør, i 1951 organiserte dei Foreldreaksjonen mot samnorsk og i 1953 stifta dei Det norske akademi for sprog og litteratur. Organiserte riksmålsfolk nekta å la seg oppnemne som medlemmer i Norsk Språknemnd, sidan den språklege tilnærminga mellom bokmål og nynorsk var grunnlaget for den offentlege språkpolitikken. Riksmålsforbundet hadde støtte blant nokre markerte forfattarar, forutan Øverland stod bl.a. André Bjerke, Sigurd Hoel og seinare Jens Bjørneboe på riksmålsforbundet si line. Mange av dei største landsdekkjande avisene, mellom dei Aftenposten, vart redigerte på riksmål.

I 1964 vart riksmålsforbundet med i ein offentleg «språkfredskomite» leia av universitetsrektor Hans Vogt og frå 1972 deltok Riksmålsforbundet i det nye Norsk Språkråd. I 1979 fekk Riksmålsforbundet gjennomslag for ei «liberalisering» av læreboknormalen. Ved rettskrivingsendringar i 1981 og 1985 vart det opna for mange av dei tradisjonelle riksmålsformene i normert bokmål; først ved at hankjønnsendinga -en vart tillaten i hokjønnsord, sidan ved at symbolformer som «frem», «nu» og «efter» vart tekne inn i ordlistene. Riksmålsforbundet vann kampen mot samnorsken: Stortinget vedtok å gå bort frå målet om språkleg tilnærming, og i 2005 vart mange av dei «radikale» formene fjerna frå bokmålsordlistene.

Dei siste åra har Riksmålsforbundet òg delvis fått gjennomslag for ei anna sak dei arbeider for, ved at den skriftlege sidemålsopplæringa som ei prøveordning er gjort frivillig på ein del Oslo-skolar [1]. Blant anna Noregs Mållag meiner kampen mot obligatorisk skriftleg sidemål i Oslo-skolane i praksis er ein kamp mot nynorsken.

Formenn[endre | endre wikiteksten]


Litteratur og kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Langslet, Lars Roar (1999): I kamp for norsk kultur : riksmålsbevegelsens historie gjennom 100 år Oslo : Riksmålsforbundet
  • Pax Leksikon (1980]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]