Riksvåpenordenen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ordensteiknet for Riksvåpenordenen.

Riksvåpenordenen (estisk: Riigivapi teenetemärk) er ein estisk orden. Han vart innstifta 7. oktober 1936 til minne om den estiske sjølvstendeerklæringa av 24. februar 1918. Riksvåpenordenen er rangert som nummer to av ordenane i Estland, etter Den estiske fridomskrossen, som vert tildelt for innsats i krig. Han er den mest fornemme av dei sivile utmerkingane i landet. Riksvåpenordenen vart ikkje tildelt i dei åra då Estland var innlemma i Sovjetunionen. Tildelinga vart gjenoppteken i 1995, etter at Estland på nytt hadde vorte sjølvstendig. Ordenen vart sist revidert ved lov i 2007. Presidenten er stormeister for Riksvåpenordenen.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Ordensteiknet for 3. klasse av Riksvåpenordenen.

Riksvåpenordenen er inndelt i éin særklasse og fem ordinære klassar. Desse er kjede og 1.–5. klasse.

Insignium[endre | endre wikiteksten]

Ordensteiknet for Riksvåpenets orden omfattar det estiske riksvåpenet, det vil seie tre blå leopardar i eit gullskjold. Skjoldet er omgjeve av eikegreiner. Ordensteiknet er i gull og blå emalje. Baksida ber innskrifta «24. II 1918». Ordensteiknet er likt for alle klassar, men vert bore på ulik måte i band av ulik utforming. Ordensbandet er blått, med den same blåfargen som i det estiske flagget. Ordensstjerna har åtte taggar og er i gull for kjedeklassen, og i sølv for 1. og 2. klasse. Ho ber det estiske riksvåpenet i midtmedaljongen.

Tildeling[endre | endre wikiteksten]

Presidenten ber kjedet av Riksvåpenordenen som embetsteikn. Denne klassen er aldri tildelt andre. Dei andre klassane er i hovudsak tildelte estiske statsborgarar for fortenester av staten. 1. klasse i ordenens vart i perioden 1995 til 2008 berre tildelt sju personar, 2. klasse 50. I det same tidsrommet er det til saman er det gjort 478 tildelingar når ein reknar med alle klassane. Tildelinga skjer ved presidenten. Vanlegvis vert ordenen tildelt på den estiske sjølvstendedagen, 24. februar, men kan i særskilde tilfelle også skje på andre datoar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Nettstader[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • (en): «Estonia» i Guy Stair Sainty og Rafal Heydel-Mankoo: World Orders of Knighthood and Merit, andre bind, Buckingham: Burke's Peerage, 2006, s. 1101–1103.