Ringsted

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ringsted
by
Den gamle børsen i Ringsted
Land  Danmark
Region Region Sjælland
Kommune Ringsted kommune
Folketal 21 423  (2013[1])
Tidssone CET
Kart
Ringsted
55°26′26″N 11°47′37″E / 55.4406°N 11.7936°E / 55.4406; 11.7936
Wikimedia Commons: Ringsted (Midtsjælland)

Ringsted er ein by midt på øya Sjælland i Danmark. Byen har 22 941 ibuarar (2021) og er administrasjonssenter i Ringsted kommune.

Ringsted, som ligg 54 meter over havet, var ein sentral by i mellomalderen med Sjællands hovud-tingstad. Biskopen i Roskilde fekk frå ikring 1080 bygt ei steinkyrkje. St. Bendts kyrkje frå 1163 er mellom dei eldste teglsteins-bygningane i Danmark. Den første kongekryninga i Danmark fann stad her i 1170.

Ringsted fekk byrettar i 1441. Frå 1500-talet stagnerte utviklinga i byen og skaut ikkje fart før det i 1856 kom jarnbanesamband med København. Ringsted ligg i dag sentralt ved hovudjarnbanen og motorvegen til København, om lag 60 kilometer unna.

Danish Crown sitt svineslakteri i Ringsted er eit av landets største slakteri.

Ringsted er venskapsby med Halden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Danmarks Statistik: Tabel BEF44. (Besøkt 30. desember 2013)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Ringsted