Roaring forties

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Clipper-ruta nytta seg av the roaring forties på veg frå Europa til Australia.

Roaring forties («dei brølande vestavindane») er havområdet på den sørlege halvkula 40. og 50. breiddegrad. Her bles det sterk og stabil vind frå vestleg kant sidan det er få landmassar som stoggar luftstraumen, slik ein har på same breiddegrader på den nordlege halvkula.

Området er kalla opp av sjøfolk i seglskutetida og var til stor hjelp for handelsskip som segla frå Europa til Austindia eller Australia, og i moderne bruk vert område nytta av seglarar som seglar verda rundt. Plasseringa av Roaring forties er ikkje stabilt og flyttar seg nord og sør med årstidene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]