Robert Frost

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Robert Frost

Statsborgarskap USA
Fødd 26. mars 1874
San Francisco
Død

29. januar 1963
Boston

Yrke lyrikar, skribent, pedagog, skodespelforfattar
Medlem av American Philosophical Society, American Academy of Arts and Sciences, Phi Beta Kappa, American Academy of Arts and Letters, PEN America
Far William Prescott Frost
Mor Isabel Moodie
Ektefelle Elinor Miriam Frost
Signatur
Robert Frost på Commons

Robert Lee Frost (26. mars 187429. januar 1963) var ein amerikansk poet. Frost vann Pulitzerprisen fire gonger og blir rekna som ein av dei viktigaste poetane på 1900-talet.

Frost sin signatur

Liv[endre | endre wikiteksten]

Frost vart fødd i San Francisco i California. Faren døydde då Frost var tolv år, og familien flytta frå San Francisco til Lawrence i Massachusetts. Han studerte ei lang tid ved Dartmouth College, men vendte attende til Lawrence og arbeidde som lærar, fabrikksarbeidar og avisbud, og etter at han måtte forsørge ein veksande familie, som farmar i Derry, New Hampshire. Mange av dei kjende dikta hans skreiv han om morgonen i tida rett før han starta på gardsarbeidet. Han makta ikkje få god nok avkastning av farmen og etter ni år tok han til som engelskærar att, denne gongen ved Pinkerton Academy (no Plymouth State University i New Hampshire).

I 1912 busette Frost og familien seg i Glasgow, seinare i Beaconsfield, ein forstad til London der han skreiv fleire av dei dikta som han sinare blei kjend for. I 1913 gav han ut si første diktsamling, A Boy’s Will. I London blei Frost kjend med T.E. Hulme, Edward Thomas og Ezra Pound. Lik Frost var Pound ein amerikansk poet som hadde slått seg ned i London. Pound skreiv seinare ein av dei mest akta oversiktene over verka til Frost.

Etter utbrotet av første verdskrigen vendte Frost attende til USA, kjøpte ein farm i Franconia, New Hampshire og fekk eit professorat i engelsk ved Amherst College. Han underviste seinare ved fleire ulike lærestader.

Virke[endre | endre wikiteksten]

Heimstaden var eit stadig attvendande tema i Frost sine dikt. Mange er naturdikt der han beskriv landskapet i New England. Formalt er dikta forteljande og tilsynelatande grunne og lette, men dei rommar gjerne ei djup innsikt som er vanskelegare å få tak på. Frost utvikla ein eigen teori om lyrikk der metaforar ligg til grunn og ei blanding av streng metrikk med den naturlege talerytmikken i det engelske språket spelar sentrale roller. Ein kan finne nokre parallellar til Emily Dickinson.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Robert Frost i 1961

Diktsamlingar[endre | endre wikiteksten]

  • A Boy’s Will. 1913
  • North of Boston. 1914
  • Mountain Interval. 1916
  • New Hampshire. 1923
  • West-running Brook. 1928
  • A Further Range. 1936
  • A Witness Tree. 1942
  • Steeple Bush 1947
  • In the Clearing. 1962
  • Desert Place.

Dramatikk[endre | endre wikiteksten]

  • A masque of reason. 1945
  • A masque of mercy. 1947

Oppteikningar[endre | endre wikiteksten]

Samleutgåver[endre | endre wikiteksten]

  • Collected Poems, Prose and Plays. Redigert av Richard Poirier. Library of America, 1995, ISBN 978-1-883011-06-2.
  • Complete Poems. Holt, Rinehart & Winston, New York 1967.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Robert Frost ved Wikisource.