Ezra Pound

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ezra Weston Loomis Pound (fødd i Hailey, Idaho 30. oktober 1885; død i Venezia 1. november 1972) var ein amerikansk modernistisk poet og forfattar.

Ezra Pound i amerikansk fangenskap kort tid etter at andre verdskrigen var slutt.

Pound flytta til London i 1908 der han arbeidde som utanlandsredaktør for fleire amerikanske litteraturtidsskrift. I denne rolla hjelpte han til med å forme verka til – og gjere kjent – blant andre T.S. Eliot, James Joyce, Robert Frost og Ernest Hemingway. I London var Pound ein del av ein litterær krins rundt den engelske kritikaren og modernistiske poeten T.E. Hulme og var før første verdskrigen ei drivkraft bak dei kortlevde modernistiske retningane imagisme og vortiksisme.

Pound hyste fascistsympatiar, og flytta derfor frå London til Frankrike og seinare til Italia. Etter krigen blei han teken til fange og skulda for å ha brukt italiensk radio til å freista øydelegge den amerikanske moralen og styrke den italienske. Han blei sendt til USA der han blei halden innesperra på ein psykiatrisk institusjon til slutten av 1950-talet, truleg for at dei amerikanske styresmaktene skulle sleppe å føre rettsak mot han.

Hovudverket til Pound er det uferdige The Cantos som han arbeidde på frå 1920-talet. Meininga var å skrive eit epos med 100 songar etter mål av Dante, men han døydde før han blei ferdig.

Ezra Pound komponerte òg musikk, blant anna operaer, songar og kammermusikk. Stilen hans var særs spesiell, til dømes nytta han uvanlege taktartar som 25/32.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ezra Pound
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Ezra Pound