Robert Harting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Robert Harting i 2008.

Robert Harting (fødd 18. oktober 1984) er ein tysk diskoskastar frå Cottbus i Brandenburg. Hans personlege rekord er eit kast på 70,66 meter frå mai 2012 i Turnov. Harting har også vore aktiv innan kulestøyt.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Harting deltok under junior-VM i friidrett i Debrecen i 2001. Her stakk han av med sølvmedaljen som vart hans fyrste medalje frå ei større internasjonal tevling. Han vann gullmedaljar frå U23-EM i åra som følgde og deltok under EM i friidrett 2006, men det verkelege gjennombrotet hans kom i 2007. Dette året vann han for fyrste gong den tyske meisterskapen i friidrett i Erfurt. Vinnarkastet hans målte 63,79 meter. Seinare same sesongen deltok han i VM i friidrett 2007 i Osaka og vann sølv, berre slått av estiske Gerd Kanter.

Harting fekk sin OL-debut under sommar-OL 2008 i Beijing. Også her vart det Kanter som tok gullmedalje, Harting enda på ein fjerdeplass. Robert Harting kom sterkare tilbake under VM i friidrett 2009 i Berlin. Her vart han for fyrste gong verdsmeister, med eit vinnarkast på 69,43 meter.

I 2010 deltok Harting i EM i friidrett 2010 i Barcelona. Han måtte her nøya seg med sølvmedalje, då han vart slått av polske Piotr Malachowski. Under VM i friidrett 2011 i Daegu forsvara Harting verdsmeistertittelen med eit kast på 68,97.

I 2012-sesongen deltok Harting under EM i friidrett 2012 i Helsingfors. For fyrste gong vart han her europameister med eit kast på 68,30. Seinare same sesongen vart Harting olympisk meister i diskoskast under sommar-OL 2012 i London. Her kasta han 68,27 og kom framfor Ehsan Hadadi frå Iran og estiske Gerd Kanter.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]