Roger Staub
Roger Staub (1. juli 1936–30. juni 1974) var ein sveitsisk skirennar som vart olympisk meister i storslalåm under vinter-OL 1960. Han var frå Arosa i kantonen Graubünden.
Aktiv [endre]
Staub debuterte i internasjonale meisterskap under vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo med ein fjerdeplass i utfor. Under VM i alpint 1958 i Bad Gastein vann han sølvmedaljen i utfor, kom på delt bronseplass med franske Francois Bonlieu i storslalåm og vart nummer fem i slalåm. Også i den alpine kombinasjonen(slalåm/utfor) kom han på tredjeplass.
Høgdepunktet som alpinist kom under vinter-OL 1960 i Squaw Valley i USA, då Staub vart olympisk meister i storslalåm, fire tidels sekund føre Pepi Stiegler frå Austerrike. I utfortevlinga kom han på femteplass. Han la opp som aktiv skirennar i 1961.
Staub omkom i 1974 under hanggliding i Verbier.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Resultatoversikt hos FIS (engelsk)
- Denne artikkelen bygger på «Roger Staub» frå Wikipedia på tysk, den 23. januar 2012.