Palisades Tahoe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Squaw Valley)
Palisades Tahoe
busetnad
Land  USA
Kart
Palisades Tahoe
39°11′18″N 120°15′50″W / 39.1882°N 120.2639°W / 39.1882; -120.2639
Wikimedia Commons: Squaw Valley

Palisades Tahoe i Olympic Valley i Placer County i delstaten California er eit av dei største skiområda i USA. Feriestaden tek årleg imot ca. 600 000 skiløparar. Det er det nest største skiområdet ved Lake Tahoe. Dei olympiske vinterleikane for 1960 vart arrangerte i Olympic Valley.

Skistaden vart grunnlagd i 1949 som Squaw Valley. Namnet vart endra i 2021 på grunn av den nedsetjande tydinga til ordet «squaw».

Olympic Valley

Olympic Valley ligg i fjellområdet Sierra Nevada, 1 900 meter over havet. Området er kjent for sine store snømengder, ofte fell opp til 1 200 mm gjennom vinteren. Anlegget er spreidd over seks toppar og 4 000 dekar. Høgste toppen er 2 760 meter over havet.

Soge[endre | endre wikiteksten]

I 1942 kjøpte Wayne Poulsen, ein tidlegare skiløpar, 2 000 hektar i dagens Olympic Valley, av Southern Pacific Railroad. Poulsen trefte i 1946 Alex Cushing, ein jurist med politiske kontaktar og tilgang på kapital. Like før opninga 1949 vart Poulsen og Cushing usams om framtida for feriestaden. Cushing enda opp med å kontrollere Palisades Tahoe Corporation, som makta å få 1960-års Vinter-OL til Olympic Valley. Cushing leia Ski Corporation, morselskapet til Olympic Valley Ski Resort, til han døydde.

Cushing modellerte Olympic Valley etter europeiske alpinanlegg ved å sette basseng og losji oppe på fjellet i staden for på botnen, og ved å bringe den nyaste løfteteknologien til USA.

Sjølv om 1960-OL på det næraste var bortlova til Innsbruck i Austerrike, reiste Cushing til Paris i 1955 med ein skalamodell av sitt forslag for dei olympiske arenaene, og overtala den internasjonale olympiske komitéen til å velje Olympic Valley til arrangørstad. Det var det første, direkte fjernsynsformidla vinter-OL, med millionar av sjåarar i USA. Vinterolympiaden synte at amerikanske, alpine skianlegg hadde nådd det nivået som vart forventa av europeiske alpinanlegg.

I 1969 var Olympic Valley vertskap for den nokså ferske verdscupen i alpine greiner, med tevlingar i slalåm og storslalåm for både menn og kvinner.

I november 2010 vart Palisades Tahoe kjøpt av KSL Capital Partners.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Palisades Tahoe