Rokkekjerringa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rokkekjerringa er eit fjell (1543 moh) i Ørsta kommuneSunnmøre. Fjellet ligg vest for Tyssevatnet. På austsida av Tyssevatnet ligg Horndalsrokken, eller berre Rokken, som har gjeve namn til Rokkekjerringa.

Sidan det er langt til busetnad i både Ørsta og i Nordfjord, vert fjelltoppen bestigen berre sjeldan.

Tre britar ved namn New, Sunderland og Waring var dei fyrste som tok turen til topps. Det hende 6. august 1895.