Rolf Graf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rolf Graf (28. april 19601. juli 2013) var ein norsk bassist, vokalist og musikkprodusent frå Oslo. Han var bror av jazzmusikaren Haakon Graf og var m.a. kjend frå musikkgruppa Lava og samarbeid med artistar som Marius Müller, Trine Rein, Jan Werner, Mezzoforte og Randy Crawford.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Rolf Graf var den fyrste profesjonelle funkbassisten i Noreg som kunne «slappa» bassen. Han blei med i Lava om lag 1980 og spelte inn fleire plater med bandet. Graf vann også Spellemannprisen 1984 for beste popalbum saman med Lava for plata Fire, der Randy Crawford bidrog på songen «You».

I Melodi Grand Prix deltok Graf som låtskrivar i 1983, der han skreiv Melodi for Olav Stedje, som endte på fjerdeplass. I MGP 1985 forsøkte han seg som artist med songen II & II, men endte no på femteplass. Same året gav han ut sitt fyrste soloalbum, The Boy Next Door. Rolf Graf vart tildelt Gammleng-prisen for studiomusikarar i 1986. I tillegg til Lava spelte Graf også ein periode i band saman med Olav Stedje og Egil Eldøen: Stedje/Graf/Eldøen. [1]

Etter fleire utgjevne soloalbum flytta Rolf Graf til Los Angeles på 1990-talet. Herifrå jobba han som låtskrivar og musikkprodusent. I seinare år var han også redaktør for magasinet Musikkpraksis. I 2012 fekk han diagnose om kreft på hjernen, og han døydde av kreften året etter, 53 år gamal. Det siste soloalbumet han gav ut, vart Oddity to Acceptance frå 2011.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnote[endre | endre wikiteksten]