Rolf Nevanlinna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rolf Herman Nevanlinna (fødd 22. oktober 1895 i Joensuu, død 28. mai 1980 i Helsingfors) er kanskje den mest kjende finske matematikar. Han er særleg kjent for arbeidet sitt med teori om funksjonar, Nevanlinna-teorien. I tillegg var han særs opptatt av kultur og politikk. Han var ein aktiv medlem av det finske nasjonalistiske partiet IKL, samt medlem av den finske pro-tyske rørsla. Nevanlinna var òg ein talentfull amatørmusikar.

Han var professor i Helsinki frå 1926 og var rektor ved Helsinki universitet frå 1941 til 1945. Frå 1948 hadde han ei forskarstilling ved Det finske akademiet. Han fekk tilbodet om fleire utanlandske professorat, men oppheldt seg i Helsinki heile livet, bortsett frå kortare besøk.

I 1981 vart det oppretta ein matematikkpris i hans namn, Rolf Nevanlinna-prisen, som vert delt ut kvart fjerde år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]