Rosa Liksom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rosa Liksom

Pseudonym Rosa Liksom
Statsborgarskap Finland
Fødd 7. januar 1958 (66 år)
Övertorneå
Yrke omsetjar, kunstmålar, fotograf, skodespelforfattar, skribent, teikneserieskapar, barnebokforfattar
Rosa Liksom på Commons
Rosa Liksom i 2012

Rosa Liksom, eigentleg Anni Ylävaara, (fødd 7. januar 1958 i Övertorneå) er ein finsk forfattar og biletkunstnar.

Liksom er ein av dei mest omsette moderne finske forfattarane. Ho har skrive om byfolk, om ungdom, og om menneske frå utkantstrok i Nord-Finland. Som person dreg Liksom seg attende frå offentlegheita.

Novellesamlinga Tyhjän tien paratiisit (1989) er omsett til norsk som Paradis på en øde vei (1991). For romanen Hytti nro 6 mottok Liksom Finlandiapriset i 2011, og denne er nominert til Nordisk Råds litteraturpris i 2013.

Hytti nro 6 eller Kupé nr. 6 (omsett til svensk av Janina Orlov) handlar om ei ung finsk jente, «Flickan», som i 1986 er på veg med Den transsibirske jernbanen til Ulan Bator for å sjå på helleristingar. På turen må ho dele kupé med ein russisk mann, oftast omtalt som «Mannen», som skal same stad for å arbeide som bygningsarbeidar. Han er svært alkoholisert, har eit slibrig språk og fortel mykje om horer han har kjøpt tenester av. «Flickan» er på reise bort frå kjærasten Mitka og mora hans Irina, og det kjem fram at ho har hatt eit forhold til og elskar dei begge. Romanen er full av referansar til russisk litteratur og til klassisk musikk.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Yhden yön pysäkki (1985)
  • Unohdettu vartti (1986)
  • Väliasema Gagarin (1987)
  • Go Moskova Go (1988)
  • Tyhjän tien paratiisit (1989)
  • Roskaa (1991)
  • BamaLama (1993)
  • Kreisland (1996)
  • Värityskirja (1998)
  • Perhe (2000)
  • Jepata Nastan lentomatka (2000)
  • La famille terrible dans L´univers cybernetique (2000)
  • Reitari (2002)
  • Finlandia (2005)
  • Maa (2006)
  • Jepata Nasta pohjoisnavalla (2008)
  • Hytti nro 6 (2011)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.