Rosengård

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Høghus i Rosengård

Koordinatar: 55°35′17″N 13°02′25″E Rosengård er ein bydel i Malmö i Skåne i Sverige. I Rosengård bur det om lag 21 000 personar. Rosengård er ein bydel med hovudsakleg høghus oppførde som ein del av det såkalla millionprogrammet i åra 1967–1972.

Av innbyggjarane har minst 86 % utanlandsk bakgrunn (dvs. begge foreldra fødde utanfor Sverige). Rundt 60 % er fødde i utlandet og 26 % til er fødde i Sverige med to utanlandsfødde foreldre.

Malmö moské

Irak, Jugoslavia, Palestina, Libanon og Bosnia-Hercegovina er dei fem viktigaste opphavslanda.[1] I seksjonen Herrgården har totalt 96 % utanlandsk bakgrunn.[2]

Delen unge er høg i bydelen. Ein tredjedel av folkesetnaden er under 18 år, noko som kan samanliknast med landsgjennomsnittet på 21 %.[3] I delområdet Herrgården er delen born og unge 50 %.[4]

Mange hushald i bydelen har born, og familiane er store i gjennomsnitt. Av 7 186 hushald har 2 172 born.

Sankta Maria i Rosengård
Foto: Henrik Sendelbach

I Rosengård finst det gudshus for fleire ulike trussamfunn. Den gamle, lutherske soknekyrkja Västra Skrävlinge kyrka, Malmö moské, som vart bygd i 1980 som den fyrste moskéen i Skandinavia, og den katolske kyrkja, Sankta Maria i Rosengård, ligg alle innanfor ein tenkt sirkel med radius på 300 meter.

Bydelen har i dei seinare åra hatt ein del uro, mellom anna steinkasting mot brannbilar og større demonstrasjonar i samband med stenging av eit islamsk kultursenter (i desember 2008), dette fekk i Sverige namnet «kravallerna i Rosengård».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Lasse Sandström: Rosengård i medieskugga : om medier som medel och hinder för integration, ISBN 91-7055-320-3, Stockholm : Sellin & partner : Stiftelsen Institutet för mediestudier, 2005
  • Tove Lifvendahl: Vem kastar första stenen? : om stenkastning och utlänningar på Rosengård, ISBN 91-7566-540-9, Stockholm : Timbro, 2003
  • Inger Pedersen: Rapport från Rosengård, ISBN 91-87336-98-7, Malmö: Malmö museer , cop. 2002
  • Inger Pedersen (16. mars 2001): dagbok från Rosengård, ISBN 91-87336-96-0, Malmö : Malmö museer, 2002
  • Per-Markku Ristilammi: Rosengård och den svarta poesin : en studie av modern annorlundahet, ISBN 91-7139-191-6 (innb.); Stockholm ; Stehag : B. Östlings bokförl. Symposion, 1994
  • Margaretha Rolfson: Unga på drift : om sociala normer och social kontroll i Rosengård, [Lund], 1994 ;
  • Carin Flemström & Alf Ronnby: Fallet Rosengård : en studie i svensk planerings- och bostadspolitik, ISBN 91-518-0019-5, Stockholm : [Solna] : Prisma ; [Seelig], 1972 ;
  • Tyke Tykesson: Bostadsmiljöer i Malmö, Inventering. Del 3: 1965—75, Malmö Kulturmiljö, Länsstyrelsen Skåne Län, 2002
  • Björn Alfredsson, Göran Cars: Förvalta Rosengård, förnyelse och integration i praktiken

Nettstader[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]