Rossøya
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rossøya er ei øy i øygruppa Sjuøyane på Svalbard. Det nordlegaste punktet i Noreg ligg på øya ved 80°49′42″ N.
Rossøya er ein del av Nordaust-Svalbard naturreservat.
Øya er kalla opp etter Sir James Ross som var ein tidleg arktisk oppdagar, men må ikkje forvekslast med Ross Island og James Ross Island som begge ligg i Antarktis.