Ross Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 77°30′S 168°0′E
Ross Island
øy
none  Kart over Ross Island
Kart over Ross Island
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Øygruppe Ross Archipelago
stad Antarktis
 - koordinatar 77°30′S 168°0′E
Høgaste punkt Erebus
 - høgd 3 794 moh
Areal 2 460 km²
Folketal 100
Administrert under Antarktistraktaten
Ross Island is located in Antarktis
Ross Island (Antarktis)
Ortografisk projeksjon sentrert over Ross Island
Landfast havis i framgrunnen. Ross Island i bakgrunnen.

Ross Island er ei øy som er danna av fire vulkanar i Rosshavet nær det antarktiske kontinentet, utanfor kysten av Victoria Land i McMurdo Sound.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

På grunn av vedvarande isdekke, vert øya stundom rekna som ein del av Antarktika. Ho har eit areal på 2460 km²; og berre ein liten del av øya er is- og snøfri. Den sørlegaste aktive vulkanen på jorda, Erebus (3794 moh), samt den sørlegaste sovande vulkanen Terror (3230 moh), ligg på øya. Dei vart namngjevne av James Clark Ross etter skip hans HMS «Erebus» og HMS «Terror». Det tredje høgaste fjellet på øya er Mount Bird, med Shell Glacier og Endeavour Piedmont Glacier i fjellsidene. Abbott Peak står mellom Mount Erebus og Mount Bird. Gamble Cone står aust på øya.

Trass i at øya er relativt lita, er ho den sjette høgaste øya i verda.

Oppdaging[endre | endre wikiteksten]

Sir James Clark Ross oppdaga øya i 1841, og ho vart seinare kalla opp etter han av Robert F. Scott.

Ross Island vart basen for mange tidlege ekspedisjonar i Antarktis. Ho var og er framleis den sørlegaste øya som er mogeleg å nå til sjøs. Hytter bygd av ekspedisjonane til Scott og Shackleton står framleis på øya og er i dag bevarte som historiske stader.

I dag står den newzealandske Scott Base på øya og her står òg den største busetnaden i Antarktis, U.S. Antarctic Program sin McMurdo Station. Greenpeace oppretta World Park Base på øya og dreiv denne i fem år frå 1987 til 1992.

Krav[endre | endre wikiteksten]

Ross Island ligg innanfor grensene til Ross Dependency, som er kravområdet til New Zealand i Antarktis.

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Ross Island har ein koloni på kring ein halv million adeliepingvinar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ross Island