James Ross Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 64°10′S 57°45′W
James Ross Island
øy
none  Kart over Graham Land, som syner James Ross Island (2)
Kart over Graham Land, som syner James Ross Island (2)
stad Antarktis
 - høgd 1 630 moh
 - koordinatar 64°10′S 57°45′W
Høgaste punkt Mount Haddington
Lengd 64 km
Areal 2 598 km²
Administrert under Antarktistraktaten
James Ross Island is located in Antarktis
James Ross Island (Antarktis)

James Ross Island er ei stor øy utanfor søraustsida av nordaustenden av Den antarktiske halvøya. Mellom halvøya og James Ross Island ligg Prince Gustav Channel. Det høgaste punktet på øya er 1630 moh, og er 64 km lang frå nord til sør. Ho vart kartlagd i oktober 1903 av Den svenske antarktiskekspedisjonen under Otto Nordenskiöld, som namngav ho etter Sir James Clark Ross, leiaren for den britiske ekspedisjonen til området i 1842 som oppdaga og kartla fleire punkt langs austsida av øya. Forma James Ross Island vart nytta for å unngå å forveksle ho med den meir kjende Ross Island i McMurdo Sound.[1]

Ho er ein av fleire øyar kring halvøya kjend som Graham Land, som ligg nærare Sør-Amerika enn nokon annan del av kontinentet.[2]

Øya var landfast med det antarktiske fastlandet av ein isbrem fram til 1995, då isbremmen og kollapsa og Prince Gustav Channel vart seglbar for første gongen.[3]

Mendel Polar Station, den første tsjekkiske basen i Antarktis, ligg på øya.

Fryste bein[endre | endre wikiteksten]

Den første dinosauren som vart oppdaga i Antarktis var Antarctopelta oliveroi, ein halvstor ankylosaur som vart funnen på James Ross Island av dei argentinske geologane Eduardo Olivero og Roberto Scasso i 1986. Dinosauren vart oppdaga frå campanstadiet i øvre kritt i Santa Marta-formasjonen, kring 2 km sør for Santa Marta Cove nord på øya. Ankylosauren vart ikkje formelt namngjeven før 2006.[4]

James Ross Island under ein flytur i 2004. NASA.

I desember 2003 oppdaga den amerikanske paleontologen Judd Case frå Saint Mary's College of California og geologen James Martin frå South Dakota School of Mines & Technology oppdaga beina til ein therapod-dinosaur på øya. Denne fekk kallenamnet «Naze» etter den nordlege Naze Peninsula der beina vart funnen. Restane er frå sein kritt og bestod av ein øvre kjeve og tenner, og det meste av dei nedre beina og føttene. Dinosauren var truleg 1,8 meter.[5]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «James Ross Island». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:7465. Henta 19. oktober 2012. 
  2. ESA Science & Technology: Graham Land
  3. Rubin, Jeff (2008). Antarktis, s. 276. Lonely Planet.
  4. Salgado, L.; Gasparini, Z. (2006). «Reappraisal of an ankylosaurian dinosaur from the Upper Cretaceous of James Ross Island (Antarctica)». Geodiversitas 28 (1): 119–135. 
  5. «A Lost World: Two Previously Unknown Dinosaurs Discovered i Antarktis». Maryland VIP K-16 Grant (Science Inquiry). 

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «James Ross Island» (innhald frå Geographic Names Information System).