Rotevatnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rotevatnet
innsjø
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Volda
Høgd over havet 47 moh.
Areal 1,41 km²
Kystlengd1 5,26 km
Kart
Rotevatnet
62°08′23″N 6°06′47″E / 62.13971°N 6.11293°E / 62.13971; 6.11293
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Rotevatnet er eit vatn som ligg i Volda kommune i Møre og Romsdal.

Rotevatnet ligg rett oppom Volda sentrum. Rotevatnet har avlaup til den knapt 1,5 km lange Øyraelva, som renn frå Rotevatnet og ned til hamna i Volda sentrum, og der ut i Voldsfjorden.

Det går ein knapt 6,6 km lang veg rundt Rotevatnet. Delar av denne vegen er ikkje open for biltrafikk. Vegen rundt Rotevatnet er ein populær trimtur.

Det ligg kommunale badeplassar ved Årneset og Botnasanden.