Rottneros

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°47′43.631″N 13°6′26.554″E Rottneros er ein svensk tettstad i Sunne kommun i Värmlands län i landskapet Värmland. I 2005 hadde tettstaden 444 innbyggjarar. Namnet tyder «brølande munning» på oldnordisk.

Dei såkalla Rottnerosverken blei opphavleg bygt som jernverk på slutten 1600-talet ved elva Rotna (på svensk Rottnan). Verksemda blei endra til papirproduksjon på slutten av 1800-talet, og i dag er Rottneros AB eit børsnotert konsern med fleire papirfabrikkar. I nærleiken ligg Rottneros jernbanestasjon.

Rottneros herregard.
Foto: Bengt Oberger

Rottneros herregard stod modell for «Ekeby» i Gösta Berlings saga. Lucianatta 1929 blei den gamle herregarden øydelagd i ein valdsam brann. Den dåverande eigaren Svante Påhlsson (1882–1959) bygde opp att herregarden , og anla samstundes Rottneros Park som ein blomster- og skulpturpark rundt herregarden, inspirert av dei store parkane i Europa. I parken finst òg Nils Holgersson sin eventyrpark og ei MC-utstilling.

Stamfrändemonumentet[endre | endre wikiteksten]

Stamfrändemonumentet

I Rottneros står Stamfrändemonumentet, reist for å minnast dei som innvandra til Värmland frå Finland og dei som utvandra frå Värmland til Nord-Amerika. Monumentet er eit relieff i granitt som forestiller Värmlands landskap, med inskripsjonen TILL HUGFÄSTANDE AV SAMBANDET MED STAMFRÄNDER VÄSTANHAVS OCH ÖSTANHAVS. Ei ørn av bronse sit på toppen av monumentet. Både granittrelieffet og bronseørna er lagd av den finske kunstnaren Jussi Mäntynen og blei avduka 22. juni 1953.

Rottnafallet og Rottneros bruk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]