Roy Glauber

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Roy J. Glauber)
Roy Glauber

Fødd1. september 1925
New York by
Død26. desember 2018
Newton
NasjonalitetUSA
Områdefysikk, teoretisk fysikk
Yrkefysikar, universitetslærar
InstitusjonarHarvard University
Universitetet i Arizona
Universitetet i Leiden
Alma materHarvard University
The Bronx High School of Science
DoktorgradsrettleiarJulian Schwinger
MedlemRoyal Society
National Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences
Academia Europaea

Roy J. Glauber (fødd 1. september 1925) er ein amerikansk fysikar tilknytt Harvard-universitetet. Han er tildelt halvparten av Nobelprisen i fysikk for 2005, medan John L. Hall og Theodor Hänsch deler den andre halvparten.

Glauber fekk prisen for sitt arbeid med kvanteteorien for optikk, som blei gjeve ut i 1963.

Han tok PhD i fysikk 1949 ved Harvard University og drog så til mellom anna Princeton Institute for Advanced Studies, men vende tilbake til Harvard i 1956. Han var professor i fysikk frå 1976. I 1944–1946 deltok han i Manhattanprosjektet der han mellom anna berekna den kritiske massen av spaltbart material til dei første atombombene. I forskinga si har Glauber særleg arbeidt med kvanteelektrodynamikk og problem knytt til vekselverknad mellom lys og materie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]