Royal Albert Hall
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Royal Albert Hall er eit konserthus i South Kensington i bydelen Kensington and Chelsea i London. Det er oppkalla etter prins Albert, ektefella til dronning Victoria og blei innvia den 29. mars 1871. Albert Hall ligg i «museumskvartera» omkring Kensington Gardens der ein også finn Victoria and Albert Museum, Natural History Museum og Science Museum.
På 1890-tallet starta dei populære Promskonsertane til dirigenten Henry Wood i Albert Hall. Desse blir framleis halde om sommaren, med den pompøse avsluttingskonserten Last Night of the Proms i september, som har eit fargerikt folkeliv med flag og banner som kan minne meir om eit idrettsarrangement enn ein konsert.
Albert Hall blir ofte brukt ved store musikkarrangement, og ikkje berre til klassisk musikk, men også store pop- og rockekonsertar har blitt haldt her gjennom åra. Publikumskapasiteten i den ovale arenaen er på inntil 9 000 tilskodarar, men dagens sikringsbestemmingar tillet ikkje at det blir slept inn meir enn 7 000 tilskodarar.