Rudolf Nilsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rudolf Nilsen (1925)
Grava til Rudolf Nilsen på Nordre gravlund i Oslo

Rudolf Nilsen (28. februar 190123. april 1929), fødd i Kristiania, var ein norsk diktar og lyrikar. Mange av dikta hans er prega av klassekampen1920-talet. Nilsen vert sett på som ein av dei viktigaste arbeidardiktarane i Noreg. Han skreiv òg upolitiske og romantiske dikt, dikt om Oslo og om menneska som levde der. På 1970-talet auka interessa for Nilsen sine verk sterkt, og det blei sett tonar til mange av dikta hans.

Dei siste fem åra av livet var Rudolf Nilsen gift med skodespelarinna Ella Signe Quist Kristoffersen, seinare Ella Hval. Han døydde i Paris, av tuberkulose, berre 28 år gamal.

Rudolf Nilsen er blitt minna ved at eit friområde ved Heimdalsgata 26 i Oslo (betre kjent som "Nr. 13" i eit av Rudolf Nilsen sine dikt) har fått namnet Rudolf Nilsens plass.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • På stengrunn (1925, Ny Tid)
  • På gjensyn (1926, Ny Tid)
  • Hverdagen (1929, posthumt, Gyldendal)
  • Samlede dikt (1935, 2. utg. 1946 med føreord av Arnulf Øverland)
  • Hilsen og håndslag, (1974, Gyldendal), ukjende dikt frå aviser og tidsskrift
  • Rulle forteller : Rudolf Nilsens prosa i utvalg Ved Jon Michelet og Martin Nag. Oktober, 1974 Utval av artiklar frå aviser og tidsskrift ISBN 82-7094-079-8

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]