Rushton Moreve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rushton Moreve
Fødd6. november 1948(1948-11-06)
FødestadLos Angeles i California i USA
Død1. juli 1981 (32 år)
DødsstadLos Angeles i California i USA
FødenamnJohn Rushton Morey
AliasRushton Moreve
OpphavUSA
Aktiv1967–1981
SjangerAcid rock, hardrock, psykedelisk rock, Proto-metal
Instrumentbassgitar
Tilknytte artistarSteppenwolf
PlateselskapDunhill, MCA
Verka somMusikar, låtskrivar

Rushton Moreve (6. november 1948 som John Rushton Morey1. juli 1981) var ein amerikansk bassgitarist som er mest kjent for arbeidet sitt med rockebandet Steppenwolf frå 1967-68 og igjen i 1978. Ifølgje songaren John Kay var han ein intuitiv bassist med ein melodisk stil som tilførte bandet ein ikkje-kommersiel sound, noko som vart eksemplifisert på hitten han skreiv saman med Kay, «Magic Carpet Ride».

Den tidlege innverknaden til Moreve var avgjerande for å skapa den unike musikalske stilen som Steppenwolf vart kjend for. Han vart med i bandet i 1967 og medverka på debutalbumet Steppenwolf, som bestod av coverlåtar og låtar skrivne av Kay. Innverknaden hans var større på oppfølgjaren The Second, hans siste album med Steppenwolf. Han omkom i 1981 i ei bilulykke.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Steppenwolf[endre | endre wikiteksten]

Moreve vart med i bandet i 1967, etter å ha svart på ei etterlysing etter ein bassist på Wallich's Music City på Vine og Sunset. Ein av dei mest populære låtane til Steppenwolf var «Magic Carpet Ride», ein låt som utvikla seg frå noko Moreve hadde jobba med - ein enkel, men fengjande basslinje på tre tonar. Medan bandet spelte inn sitt andre album, spelte Moreve låten sin for bandet. Bandet likte han. John Kay og Rushton Moreve fekk æra for å ha skrive «Magic Carpet Ride». Dette var den einaste Steppenwolf-låten Moreve fekk æra for å ha skrive. Han vart gitt ut på albumet The Second.

Avgang[endre | endre wikiteksten]

Han vart etter kvart erstatta av tidlegare bassist i The Sparrows, Nick St. Nicholas. Han fekk gullplata si for The Second då ein av produsentane hans kjende igjen han på gata mange år seinare. I 1978 opptredde han med ei ny Steppenwolf-besetning saman med eks-Steppenwolf-gitaristen Kent Henry, som spelte på albumet For Ladies Only. Dette var ei anna besetning enn ho med Nick St. Nicholas. Moreve forlét etter kvart denne versjonen av Steppenwolf då han og Henry vart uvener.

Død[endre | endre wikiteksten]

Moreve døydde i 1981 av skadane han pådrog seg i ei bilulykke i Sun Valley i Los Angeles.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]