Ruth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg potetsorten Rutt

Rut, Rutt og Ruth er mest kjend og brukt som eit bibelsk kvinnenamn med hebraisk bakgrunn. Det finst òg som mannsnamn og slektsnamn, då gjerne med norrønt opphav. Variantar av kvinnenamnet er portugisisk Rute og dei engelske kjælenamna Rue og Ruthie.

Namnet er blitt mykje brukt i både jødisk og kristen namnetradisjon. Ruth var eitt av dei ti mest brukte namna i USA mellom 1900 og 1930.

Rut har namnedag i Noreg den 28. november og i Sverige den 4. januar. Ein feirar Ruth i Danmark den 8. august og i Frankrike den 2. oktober.

Bibelsk Rut[endre | endre wikiteksten]

Historia om Rut, som valde eit jødisk liv, sjølv om det førte med seg armod og utlegd, blir fortald i Ruts bok. Den hebraiske tydinga av namnet er noko uklar, men det tyder truleg venn, vennleg eller ei som følgjer.

Norrønt Rut[endre | endre wikiteksten]

Det norrøne mannsnamnet Rut tyder bukk. I soga om Olav den heilage høyrer me om ein Rut frå Viggja som blir slakta som ein bukk på heilag-Olav sine ordre.

Stadnamn og slektsnamn[endre | endre wikiteksten]

Rut og Ruth er begge engelske slektsnamn. Rut er òg blitt brukt som ein namnedel i engelske stadnamn, som grevskapet Rutland i Midlands og det oppdikta grevskapet Rutshire.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

  • Ruth Rendell, amerikansk forfattar (løyndenamn for Barbara Vine)

Utanfor Wikipedia[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]