Sør-min
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Sør-min (闽南语 (forenkla, 閩南語 (tradisjonelt), pinyin Mǐnnányǔ, POJ Bân-lâm-gú) |
||
| Klassifisering: | Sinotibetansk Kinesisk Min |
|
| Bruk | ||
| Tala i: | Kina (Folkerepublikken Kina og Taiwan), Malaysia, Indonesia, Singapore, Thailand, Filippinane, Vietnam, USA | |
| Sør-mintalande i alt: | 47 millionar (1984–1997) | |
| Skriftsystem: | Kinesisk skrift eller latinske bokstavar | |
| Språkkodar | ||
| ISO 639-3: | nan | |
Sør-min eller minnan er ei kinesisk dialektgruppe innan minspråk. Sør-min er den mest utbreidde gruppa minspråk, og blir hovudsakleg tala i Fujian-provinsen søraust i Kina, i nærliggjande provinsar, på Taiwan og blant utanlandskinesarar, særleg i Søraust-Asia. Innan kinesisk tradisjon blir gruppa rekna som dialektar av det kinesiske språket, medan andre språkforskarar gjerne reknar dei som eigne språk. Sør-minspråk er ikkje gjensidig forståelege med andre minspråk eller med mandarinkinesisk. Nokre sør-minspråk er heller ikkje gjensidig forståelege med kvarandre.
Dei viktigaste språka inna sør-min er hokkien (Quanzhou–Zhangzhou), taiwansk, teochew og hainanesisk.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Minnan» frå Wikipedia på engelsk, og «Minnan» frå Wikipedia på bokmål den 9. april 2012.
- Chinese, Min Nan ved ethnologue.com
- Store norske leksikon, snl.no, «kinesisk»