SS «Christian Radich»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fullriggaren «Christian Radich» har namnet sitt frå skipsreiaren Christian Radich.
Foto: radich.no
SS «Christian Radich.
Foto: radich.no

SS «Christian Radich» er ein norsk tremasta fullriggar som vart bygd ved skipsverftet Framnæs Mekaniske Værksted i Sandefjord og vart levert 17. juni 1937. Eigar av skipet er Stiftelsen Skoleskipet Christian Radich, som vart etablert ved ein donasjon frå rittmeister, trelasthandlar og skipsreiaren Christian Radich.

SS «Christian Radich» vart verdskjend gjennom filmen Windjammer frå 1958. Filmen fylgjer skipet og besetninga om bord under seglasen frå Oslo, over atlanterhavet til Karibia, og så vidare til New York og reisa tilbake til Oslo. Lasse Kolstad var båtmannsassistent og Harald Tusberg var kadett om bord under innspelinga av filmen.

Skipet var opphavleg bygd som skuleskip for opplæring av sjøfolk til den norske handelsflåten, og vart nytta til det i mange år. Frå 1999 har drifta sikta seg inn mot chartermarknaden og mot betalande medseglarar.

Tekniske data[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]