STS-32

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
STS-32
Statistikk
Romferje: Columbia
Rampe: 39-A
Oppskyting: 9. januar 1990
7:35:00 a.m. EST
Attende til jorda: 20. januar 1990
1:35:37 a.m. PST
Landingsplass: Edwards Air Force Base
Apogeum: 361 km
Perigeum: 296 km
Banehelling: 28.5°
Mannskap
Kommandør: Daniel C. Brandenstein
Pilot: James D. Wetherbee
Oppdragsspesialistar: Bonnie J. Dunbar
G. David Low
Marsha S. Ivins

Portrettfoto av mannskapet.
Kronologi
Førre romferd Neste romferd
STS-33 STS-36

STS-32 er namnet på den trettitredje romferda i det amerikanske romferjeprogrammet og den niande ferda der ein nytta romferja Columbia. Det var første gong at utskytingsplatform 39A vart nytta sidan STS-61-C.

Høgdepunkt[endre | endre wikiteksten]

Satellitten Syncom IV-F5 vert utplassert.
Eksperimentsatellitten LDEF (Long Duration Exposure Facility) vert henta inn.

Columbia vart skoten opp frå Kennedy Space Center den 9. januar 1990. Oppskytinga vart først planlagd til den 18. desember 1989, men vart utsett for å gjere ferdig modifiseringar av utskytingsplatforma. Det andre forsøket på å skyte opp ferja den 8. januar 1990 vart igjen utsett på grunn av vêrforholda. Først dagen etter, kunne romferja forlate jorda.

Måla med romferda var å plassere ut den militære kommunikasjonsatellitten Syncom IV-F5 og hente inn eksperimentsatellitten LDEF (Long Duration Exposure Facility). Denne satellitten inneheldt over 50 ulike eksperiment og skulle eigentleg vore henta inn fire og eit halvt år tidlegare, men på grunn av forseinkingar grunna ulykka med romferja romferja Challenger i 1986 lét ikkje det seg gjerast før no og no hasta det. Auka solaktivitet reduserte bana til satellitten og om han ikkje vart henta inn ville han nå atmosfæren og brenne opp. Innhentinga av LDEF vart filma med eit IMAX kamera, og vart vist i filmen Destiny in Space frå 1994.

Etter den vellukka ferda vert Columbia frakta tilbake til Vehicle Assembly Building ved Kennedy Space Center oppå toppen av eit spesialtilpassa Boeing 747 fly.

Romferja Columbia returnerte til jorda den 20. januar 1990 klokka 01:35:37 PST på rullebane 22 ved Edwards Air Force Base i California. Den 26. januar 1990 vart romferja frakta tilbake til Kennedy Space center.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Romferder med romferja Columbia
1981: STS-1 | STS-2 | 1982: STS-3 | STS-4 | STS-5 | 1983: STS-9 | 1886: STS-61-C | 1989: STS-28 | 1990: STS-32 | STS-35 | 1991: STS-40 | 1992: STS-50 | STS-52 | 1993: STS-55 | STS-58 | 1994: STS-62 | STS-65 | 1995: STS-73 | 1996: STS-75 | STS-78 | STS-80 | 1997: STS-83 | STS-94 | STS-87 | 1998: STS-90 | 1999: STS-93 | 2002: STS-109 | 2003: STS-107