SVO-språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

SVO-språk, eller Subjekt-Verb-Objekt-språk, er innanfor lingvistisk typologi gruppa av språk som i nøytrale setningar har subjekt, verb og objekt i nett den rekkjefølgja. Setninga Eg et fisk er ei SVO-setning på norsk.

SVO er den nest vanlegaste setningstypen i verdas språk, etter SOV. Setningsordninga blir brukt i mellom anna kinesisk, romanske språk, engelsk, russisk og swahili.