Swahili

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Swahili
(Kiswahili)
Klassifisering: Niger-kongo-språk
 Atlantisk-kongo-språk
  Volta-Kongo
   Benue-Kongo
    Bantoid
     Sørlege
      Bantu
       Sentralt
        G
         Swahili
Bruk
Tala i: Tanzania, Burundi, Kenya, Mayotte, Mosambik, Somalia, Uganda, DR Kongo
Område: Aust-Afrika
Skriftsystem: Latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i: Tanzania og Kenya
Normert av: Taasisi ya Uchunguzi wa Kiswahili
Språkkodar
ISO 639-1: sw
ISO 639-2: swa
ISO 639-3: swh

Swahili (kiswahili på swahili) er eit bantuspråk snakka over store område i Aust-Afrika. Etter Guthrie-klassifiseringa har det nummer G40, dvs. det høyrer til sone G av bantuspråka. Det er morsmål for dei ca. 5 millionar swahiliane, som lever langs ei 1500 km. lang kyststripe frå det sørlege Somalia til det nordlege Mosambik. I tillegg er swahili andrespråk for omtrent 50 millionar talarar, det har vorte lingua franca for Aust-Afrika.

Klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Geografisk område[endre | endre wikiteksten]

Offisiell status[endre | endre wikiteksten]

Swahili er offisielt språk i Tanzania og Kenya. Tanzania er i tillegg til Etiopia eit av landa som i størst grad har ført ein språkpolitikk til fordel for eit afrikansk språk. Til skilnad frå mange andre afrikanske land, som har ført ein språkpolitikk som har favorisert dei tidlegare kolonispråka.

Dialektar[endre | endre wikiteksten]

Lydsystem[endre | endre wikiteksten]

Lydsystemet i swahili er i høve til mange andre afrikanske språk ukomplisert. Det er få lydar som blir rekna som vanskelege å uttale for nordmenn, og ord blir skrive som dei uttalast. Kvar bokstav skal uttalast for seg. Trykket er på nest siste staving i praktisk talt alle ord og konstruksjonar, og trykket flytter bakover seg dersom suffiks blir lagt til. Swahili nyttar 24 av dei latinske bokstavane, dei nyttar ikkje q, x, æ, ø og å.

Vokalar[endre | endre wikiteksten]

Swahili har fem vokalar; a (IPA ɑ), e (e), i (i), o (ɔ), u (u) og y (y). To vokalar etter kvarandre i skrive svahili blir uttalt separat. Det er i prinsippet ingen diftongar.

Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

bilabial labio-
dental
dental alveolar post-
alveolar
palatal velar
plosiv p [p] t [t] k [k]
affrikat c [] j [ɟ]
frikativ f [f] th [θ] dh [ð] s [s] z [z] sh [ʃ] h [x] gh [ɣ]
flapp r [ɾ]
nasal m [m] n [n] ny [ɲ] ng' [ŋ]
approksimant w [w] y [j]
lateral
approksimant
l [l]
implosiv b [ɓ] d [ɗ] g [ɠ]

Merknad: Viss det står to lydar i ei celle i tabelen, er den til venstre ustemd og den til høgre stemd.

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Historiske lydendringar[endre | endre wikiteksten]

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Swahili er, som alle bantuspråk, eit agglutinerande språk. Morfologien er dominert av prefiksering.

Substantivbøying[endre | endre wikiteksten]

Verbbøying[endre | endre wikiteksten]

Verba er bøygd i tempus, aspekt, og person og tal for både subjekt og objekt. I tillegg er det bøygd for polaritet, dvs. at det er ulike verbformer alt ettersom setninga er positiv («ja») eller negativ («nei»). I norsk blir negativ polaritet uttrykt med adverbet ikkje, i swahili med verbprefikset -ha-. Døme: ni-na-ruka «1Sg-presens-hoppe» «eg hoppar», ni-li-ruka «1Sg-preteritum-hoppe» «eg hoppa».

Ordforråd[endre | endre wikiteksten]

Lånord[endre | endre wikiteksten]

Swahili har fått mange arabiske lånord frå kontakt og innvandring frå Arabia. Den portugisiske og seinare engelske kolonialiseringa av swahiliske hovudområde har også ført med seg mykje ord frå desse språka.

Genussystem[endre | endre wikiteksten]

Swahili har 15 genera, eller substantivklassar.

  • Klasse 1/2, sg. m-, pl wa- (etter Carl Meinhof sitt klassifiseringssystem) er for ord for personar.
  • Klasse 3/4 (sg. m-, pl. mi-) er for ord for tre, plantar, natur, kroppsdelar, menneskeleg aktivitet.
  • Klasse 5/6 (sg. ji-, pl. ma-) er for ord for frukt, uteljelege objekt, objekt frå kvardagslivet, personar, augmentativar, opphavleg arabiske ord.
  • Klasse 7/8 (sg. ki-, pl. vi-) er for kvardagslege objekt, dyr, kroppsdelar, personar, diminutivar, språk
  • Klasse 9/10 (sg.=pl. Ø- eller N-) er for abstrakte og konkrete ting, personar, dyr, naturlege fenomen, framande ord
  • Klasse, 11,14/10 (sg. u-, pl. Ø-) er substantiv for objekt, og for einskilde abstrakte substantiv.
  • Klasse 15 (sg. u-, pl. Ø- eller sg. w-, pl.= N-), substantiverte verb.
  • Klasse 16, 17, 18 (pa- ku- m-). Eit substantiv, til bruk i lokative konstruksjonar.

Skriftsystem[endre | endre wikiteksten]

Swahili har historisk vorte skrive med det arabiske alfabetet, men blir no skrive med det latinske alfabetet. Q og x blir ikkje nytta i swahili.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Swahili vart opphavleg snakka på Zanzibar, men har vorte spreidd til fastlandet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia-logo-v2.svg Wikipediaswahili




Bantuspråk
Sone A | Sone B | Sone C | Sone D | Sone E | Sone F | Sone G | Sone H
Sone J | Sone K | Sone L | Sone M | Sone N | Sone P | Sone R | Sone S