Sadeh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sadeh-feiring i Teheran.

Sadeh (farsi for 'hundre') er namnet på ei gammal persisk midvinterfeiring som hovudsakleg blir feira av parsarar, men også av ein del iranske muslimar. Sadeh eller sada blir også kalla djasjan-e sadeh, 'hundre-feiringa', og adur-djasjan, 'eldfesten'.

Sadeh blir særleg feira av iranske parsarar frå Kerman og Yazd, og av indiske parsarar.

Høgtida blir markert til ulike tider. Nokre tradisjonar plasserer han 100 dagar etter den første vinterdagen, andre 50 dagar (til saman 100 dagar og netter) før persisk nyttår, navroz. I tillegg følgjer parsarar tre ulike kalendersystem, slik at høgtida kan finna stad på svært ulike datoar innan det vestlege året.

Datering[endre | endre wikiteksten]

I følgje ein tradisjon finn feiringa stad på den tiande dagen, aban, i månaden vohuman, som er hundre dagar etter første vinterdagen, gahambar-dagen i ayathrima. I følgje fasli-kalenderen, som følgjer årstidene notildags, tilsvarer dette 24. januar. Blant andre parsarar finn feiringa gjerne stad 50 dagar før navroz den 21. mars, altså den 30. januar.

Ein tradisjon som er mindre utbreidd i dag feirar sadeh på den hundrande dagen før navroz, på dagen asjtad i månaden adur. I følgje fasli-kalenderen tilsvarer dette 11. desember.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]