Islam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Muslimar)

Islam er ein av verdsreligionane. Han har utspring i Arabia, og har mykje av læra si til felles med jødedommen og kristendommen og som desse er han monoteisk. Islam er såleis rekna å vera ein av dei abrahamittiske religionane. Han er den nest største religionen i Noreg (sjåIslam i Noreg).

Den heilage boka til islam er koranen. Etter islamsk tru inneheld koranen openberingane til Allah, som skal ha vorte gjevne muntleg til profeten Muhammed. Muslimane meiner at dette pågjekk i 23 år, ved hjelp av erkeengelen Gabriel, gjennom draumar og heilag inspirasjon.

Det er om lag 1,5 milliardar muslimar i verda.[1] Det finst fleire avgreiningar, der sunniislam utgjer rundt 80-85 %. I Iran dominerer sjiaislam.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Ordet islam kjem av dei arabiske rotkonsonantane S-L-M, og vert omsett med overgjevnad til Guds vilje, eller òg med lydnad. Av andre arabiske ord med same rot finn ein salaam og salaam aleikum, som tyder fred og Guds fred og er vanlege helsingsformer, samt muslim, som tyder ein som underkastar seg Gud.

Sentrale trekk ved islam[endre | endre wikiteksten]

Tilhengjarar av islam, kjend som muslimar, trur at Gud, eller (på arabisk) Allah openberra seg for menneska gjennom Muhammed og andre profetar, inkludert Adam, Noa, Abraham, Moses og Jesus. Muslimar trur at Muhammed var den siste av profetane, og at bodskapen han bar vidare til menneska vil vara til qijamah, dommedag. Eit tidlegare mykje brukt omgrep om muslimar er muhammedanarar, men på oppfordring frå muslimane sjølve er det etter kvart blitt mindre brukt.

Muslimar meiner at den viktigaste skriftlege openberringa til menneska er Koranen, som dei ser på som den endelege og feilfrie openberringa til menneska. Tidlegare skrifter, som evangelia, Torah og jødiske profetiske skrifter vert også sett på som guddommelege i natur, men har vorte gløymde, mistolka eller forvridd slik at den originale bodskapen har forsvunne over tid.

Den grunnleggjande trusvedkjenninga i islam er sjahada: Det er ingen Gud utanom Gud, og Muhammed er Guds tenar og bodbringar (arabisk: لا إله إلا الله محمد رسول الله). Islam vert skildra som ein dīn, ein livsveg eller ei rettesnor.

Seks trusartiklar[endre | endre wikiteksten]

Seks grunnleggjande trusartiklar vert dela av alle muslimar:

  1. Trua på éin Gud.
  2. Trua på alle profetane (nabi) og bodbringarane (rusul) send av Gud. Islam reknar at det har vore rundt 124 000 profetar, av desse var 313 også bodbringarar. Av dei er 25 sett særleg høgt (ulul azmi) og er nemnde med namn i Koranen.
  3. Trua på bøkene (kutub) send av Gud:
  4. Trua på englane (mala'ika). Ti av desse vert sett særleg høgt og er nemnd med namn i Koranen og hadith.
  5. Trua på dommedag (qijama) og på livet etter døden.
  6. Trua på skjebna (qadar).

Dei fem søylene[endre | endre wikiteksten]

Pilegrimferda (Hadj) til Kaabaen, Masjid al Haram i Mekka er ein av dei fem søylene i Islam

Dei to største undergruppene av muslimar er sunni-muslimane og sjia-muslimane. Sunni-muslimar utgjer storparten av muslimar i verda, 85-90 %, men sjia-muslimane utgjer majoriteten i land som Iran og Irak. Sunni-islam sine grunnleggjande pilarar vert referert til som Dei fem søylene i islam, medan shia-islam har ein noko annleis terminologi, som inkluderer fem grunnleggjande røter i religionen og ti grunnleggjande greiner. Muslimar har til felles dei følgjande fem hovudkrava for truande, som sunni-muslimar ser på som dei fem søylene og sjia-muslimar ser på som element av religionen sine røter og greiner:

  • Sjahada: Å vedkjenna seg trua; å vitna om at det ikkje finst nokon Gud utanom Gud (tawhid) og at Muhammed er Guds tenar og bodbringar (nubuwwah.
  • Salah: Å utføra dei fem daglege bønene
  • Zakat: Å gje almissar (zakaah)
  • Sawm: Å fasta frå soloppgang til solnedgang under fastemånaden Ramadan.
  • Hadj: Å utføra pilegrimsferda til Mekka under Djul Hidjah, minst ein gong i livet såframt ein har evne til det.

Islamsk endetidslære[endre | endre wikiteksten]

Islamsk endetidslære er oppteken av qijama, endetida, og den endelege dommen over menneska. I følgje islam skal dei rettferdige lønast med gledene i Djannah (paradis), medan dei urettvise skal straffast i Djahannam (helvete).

Gud[endre | endre wikiteksten]

Hovudartiklar: Allah / Gud

Grunnleggjande i islam er Guds einskap, tawhid, ein absolutt monoteisme. I sura al-Ikhlas (sure/kapittel 112) vert Gud skildra slik:

Sei, han er Gud, Ein. Gud, den Evigvarande. Ikkje har han avla nokon, og ikkje har han sjølv blitt avla. Ingen er Hans like

På arabisk vert Gud kalla Allāh. Ordet har ein etymologisk samanheng med ʾilāh «guddom», og har slektskap med det hebraiske Ēl, som ein finn att i Elohim, Herren. Allāh vert også brukt som namn på Gud av kristne og jødiske arabarar. Muslimar meiner at guden dei dyrkar er den same som den jødiske og kristne guddommen, men avviser den kristne læra om Guds treeining. Med unntak av eitt byrjar alle kapitla i Koranen med setninga I namnet åt Gud, den miskunnsame, den nåderike.

Moskéen[endre | endre wikiteksten]

Muslimske sakralbygg blir kalla moskéar. Her samlar muslimar seg til felles bøn, helst fem gonger dagleg, men mange kjem berre på fredagen, som er den viktigaste vekedagen for muslimane, og les elles bøn på eiga hand. Kvinnene sit i eit eige rom i moskeen, ved sida av hovudsalen. Ein lærd muslim, ofte kalla imam, leier bøna i moskéen. Han har ofte òg oppgåva som muaddhin (muezzin), å kalla til bøn frå minareten kvar moské har.

Koranen[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste suren i ei handskriven utgåve av Koranen
Hovudartikkel: Koranen

Koranen er den mest heilage skrifta i islam. Namnet på boka kjem frå det arabiske ordet for resitasjon og det er også sjølve orda, ikkje det trykte verket, som i islam vert sett på å vera Koranen.

Muslimar trur at Koranen vart openberra til Muhammed av Gud gjennom erkeengelen Gabriel i åra 610632 evt. I tillegg til å ha lært Muhammed sine openberringar utanåt skal følgjesveinane hans ha skrive dei ned. Muslimar trur at Koranen i dag er den same som den som vart openberra Muhammed og som han brakte vidare. Forskarar er jamt over einige om at den utgåva av Koranen som er i bruk i dag fyrst vart sett saman i skriftleg form av den tredje kaliffen, Uthman ibn Affan, ein gong mellom 650 og 656. Han sende då kopiar til dei ulike provinsane i det nye muslimske riket og gav ordre om at andre utgåver skulle øydeleggjast.

Dei fleste muslimar meinte frå tidlege tider at Koranen berre var perfekt og fullstendig i det språket den vart openberra, arabisk. Omsette utgåver av Koranen vert difor ofte stilt føre som korankommentarar eller som fortolkingar av Koranen si tyding.

Koranen er dela inn i kapittel (arabisk: sura) og vers (arabisk: ayat). Kapitla er sorterte i rekkefølgje med dei lengste først, uavhengig av kva dei handlar om eller kva tid Muhammed fekk dei frå Gud.

Hadíth-skriftene[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Hadíth

Hadíth-skriftene er skrifter som viser til Muhammed og hans følgjesveinar sine orde og gjerningar. Samlingar av hadíthskrifter er rekna å vera eit viktig verktøy i tolkinga av sjaria (islamsk lov). Det er fleire ulike samlingar av hadíthar og samlingane til Bukhari og Muslim er dei to mest annarkjende. Innhaldet i samlingane (og for øvrig også Koranen) er ikkje samanhengande, slik at den litterære kontekst ikkje blir vektlagd noko særleg. Ein tolkar heller hadíth og Koranen ut frå heilskapen.

Når det gjeld innhaldet i hadíth er det ei stor spennvidd - alt frå Muhammed si himmelreis til tannpleie.

Muslimske skriftlærte deler gjerne hadíth-skriftene om Muhammed inn i tre grupper:

  • hadíth-skrifter om Muhammeds ord (qawl)
  • hadíth-skrifter om Muhammed sine gjerningar (fi'l)
  • hadíth-skrifter om kva Muhammed såg som positivt i andre sine gjerningar (taqrir)

Ei eiga undergruppe av hadíth, hadith kudsi vert av muslimar sett på som Guds ord, gjenteke av Muhammed.

Retningar i islam[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Retningar i islam

Det finst ei lang rekkje undergrupper av islam. Dei to viktigaste grupperingane islam kan delast inn i er sunni-islam og sjia-islam, medan sufismen, ein spirituell tradisjon som finst blant både sjia- og sunni-muslimar, vert rekna for å vera islam si mystiske retning.

Sunni-muslimane er den største gruppa innan islam, grovt rekna 80 % av verdas muslimar er rekna å vera sunni-muslimar. På arabisk tyder as-sunnah bokstaveleg tala prinsipp eller sti, medan omgrepet sunna i islam viser til tradisjonen etter Muhammed. Sjia-muslimane utgjer den andre hovudgruppa innan islam, og skil seg frå sunniane gjennom manglande aksept av dei tre fyrste kaliffane, eigne lovtradisjonar og den sentrale rolla gjeve til Ali og til imamane. Både sunni- og sjiaislam er delt inn i ei rekkje undergrupper. Ei tredje gruppe som daterer attende til det store skismaet i islam er kharidjittane, ibadismen er ein overlevande arvtakar etter desse.

Det finst også andre mindre muslimske grupper som ikkje utan vidare kan klassifiserast som sunni eller sjia-muslimar, samt grupper som i noko eller full grad ser på seg sjølv som muslimske, men som berre i noko eller lita grad vert allment akseptert som dette. Blant desse finn ein zikri-religionen, Nation of Islam, drusarane, alawittane og ahmadiyya-rørsla.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel Islamsk historie

Nokre viktige hendingar[endre | endre wikiteksten]


Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referanselitteratur

  • Vikør, Knut S.: Islam, ei faktabok. Spartacus, 2002
  • Vogt, Kari: Islam, tradisjon, fundamentalisme og reform. Cappelen, 2005
  • Vogt, Kari: Islams hus, verdensreligion på fremgang. Cappelen, 1995