Saltfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Saltfjorden i nærleiken av Saltstraumen, sett vestover frå Ersvika

Saltfjorden er ein fjord i Gildeskål og Bodø kommunar i Nordland. Fjorden ligg på sørsida av sjølve Bodø og strekkjer seg 41 km austover til Tverlandet i botn av fjorden.

Fjorden har innløp i vest mellom Bliksvær i nord og Fleinvær i sør og går på nordsida av Sandhornøya, Straumøya og Knapplundøya. Mellom Sandhornøya og Straumøya går Beiarkjeften sørover til Nordfjorden og Beiarfjorden. Nord for Straumøya ligg sjølve Bodø og Bodø lufthamn ligg heilt ytst. På nordsida av Straumøya ligg grendene Seivåg og Straum.

Mellom Straumøya og Knaplundøya ligg Saltstraumen, den sterkaste tidvasstraumen i verda. Salstraumen går over i Svefjorden som går vidare til Skjerstadfjorden og austover til Fauske. Nord for Knaplundøya ligg Godøynes og Løding inst i Saltfjorden.

Fv580 går på nordsida av Straumøya, Fylkesveg 17 går over Knaplundøya og langs austsida av fjorden. På nordsida av fjorden går Riksveg 80.