Samir Qasir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Samir Qasir (arab. سمير قصير — òg skrive Samir Kassir) (19602. juni 2005) var ein libanesisk-fødd lærar og journalist av kristen bakgrunn. Han underviste ved Universitetet i Paris I: Panthéon-Sorbonne og ved St. Josefsuniversitetet i Beirut. I den libanesiske avisa al-Nahar, der han var førstesidespaltist, såvel som i ymse europeiske media, tala han sterkt for demokrati i Libanon, og han var ein vidkjend kritikar av Syria si rolle i Libanon. Som ein av grunnleggjarane av den demokratiske venstrerørsla i Libanon spela han ei viktig rolle under dei anti-syriske demonstrasjonane etter mordet på tidlegare statsminister Rafiq Hariri. I tillegg gjekk han inn for at dei syriske troppane måtte trekkje seg ut av Libanon.

Samir Qasir vart snikmyrda av ukjende personar med hjelp av ei bilbombe ved heimen sin i den hovudsakleg kristne bydelen Ashrafiyeh i Beirut den 2. juni 2005. Mange i Libanon mistenkjer at syriske tryggingsstyrkar kan ha vore involverte i drapet.[treng kjelde]

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • 2003: Histoire de Beyrouth
  • 2004: Considérations sur le malheur arabe

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen byggjer på «Samir Kassir» frå Wikipedia på engelsk og «Samir Kassir» frå Wikipedia på tysk

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]