Samuel Balto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Han var en snaksalig mand.
Derfor var den grønlandske ungdom så glad for ham.

Tradisjonell grønlandsk vise, omsett til dansk

Samuel Johansen Balto (5. mai 18611921) var ein norsk-samisk oppdagar og eventyrar frå Karasjok i Finnmark. Han vart rekruttert av Fridtjof Nansen til ein ekspedisjon til Grønland i 1888, og han tok del i den første dokumenterte kryssinga av Grønland saman med Nansen og fire andre ekspedisjonsmedlemmer.

Etter dei gode erfaringane Erland Nordenskiöld skulle ha gjort med samiske skiløparar på ekspedisjonen til Grønland i 1883, ville nansen og ha med samar på sin Grønlandsekspedisjon. Lensmann Nils Øvre i Karasjok var mellommann mellom Nansen og samane. Han skreiv og under kontrakten med Samuel Balto og Ole Ravna på Nansen sin vegne. Løna skulle vere 800 kroner for kvar for seks månadar. Då ekspedisjonen vart forseinka og ikkje kom til vestkysten av Grønland før etter siste skip var gått til Danmark, måtte dei overvintre. Balto fekk eit nært tilhøve til grønlendarane.

Ekspedisjonen kom til Kristianaia 30. mai 1889. Balto og Ravna kom attende til Karasjok 3. juli. I etterkant av ekspedisjonen var Balto oppfordra av Nansen til å skrive ein rapport om Grønlandsferda. Dette gjorde han på samisk sommaren 1889. I På ski over Grønland brukar Nansen noko av det Balto skreiv. I 1980 vart rapporten til Balto utgitt som bok, med samisk og norsk tekst.

I 1898 emigrerte Balto til USA saman med ei større gruppe samar. Han dreiv mellom anna som reingjetar, postkøyrar og gullgravar. Balto vart buande i Alaska til han døydde.

Den vidkjende sledehunden Balto, vidkjend for transport av medisin mot difteri til den isolerte byen Nome i Alaska i 1925, var oppkalla etter Samuel Balto. I Iditarod og Central Park står ein statue av denne sledehunden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Samuel J, Balto:Med Nansen over Grønlandsisen i 1888 : min reise fra Sameland til Grønland Universitetsforlaget 1980