Fridtjof Nansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fridtjof Nansen

Nobelprisen

Nobels fredspris
1922

Fridtjof Nansen (først stava Frithjof) (10. oktober 186113. mai 1930) var ein norsk polarfarar, oppdagar, diplomat og vitskapsmann som òg var sterkt engasjert i politikk og humanitært arbeid. Nansen er ein av dei mest internasjonalt kjende av folk frå Noreg, kan hende på line med Henrik Ibsen. Han vert mest hugsa for dristige polarekspedisjonar, og arbeid med flyktningar. I tillegg var han ein banebrytande naturforskar og ein viktig talsmann for Noreg i samband med unionsoppløysinga i 1905.

Yrkesliv[endre | endre wikiteksten]

Nansen studerte zoologi, og vart tilsett som konservator ved Bergens Museum si zoologiske avdeling. I 1888 kryssa han Grønlandski, og vart feira som folkehelt. I 1893 leia han ein ekspedisjon til Nordpolen med «Fram», ei reise som tok over tre år. Saman med Hjalmar Johansen nådde Nansen 86° 14' N, det nordlegaste punktet noko menneske hadde vore på til den tid.

Nansen vart riddar av St. Olavs Orden i 1889, vart tildelt storkrossen av same orden i 1896 og storkrossen med kjede i 1925. Han var også professor i zoologi og oseanografi ved Det Kgl. Frederiks Universitet (seinare kjend som Universitetet i Oslo), ambassadør i London 1906-08 og Folkeforbundet sin høgkommisær for flyktningar. Nansen fekk Nobels fredspris i 1922.

Fridtjof Nansen var også ein aktiv riksmålsmann.

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Fridtjof Nansen vart fødd på Store Frøen gard rett utanfor Kristiania (Oslo) den 10. oktober 1861. Far hans var sakførar Baldur Frithjof Nansen. Mor hans var Adelaide Johanne Thekla Isidore Bølling, fødd Wedel-Jarlsberg, dotter av major og baron Christian Frederik Vilhelm Wedel-Jarlsberg. Nansen hadde seks halvsysken og ein bror.

Fridtjof Nansen gifta seg 6. september 1889 med konsertsongarinna Eva Sars, dotter av presten og naturforskaren Michael Sars. Eva Nansen døydde 9. desember 1907. Saman hadde dei fem born. Nansen gifta seg på nytt i 1919 med Sigrun Munthe.

Han døydde 13. mai 1930, 68 år gamal og vart gravlagd på den norske nasjonaldagen 17. mai. Gravferda frå trappa framfor Universitets Aula vart ei nasjonal hending med to minutt stille og flagg på halv stong over heile landet. Urna hans vart sett ned i hagen på heimen hans, Polhøgda ved Lysaker i Bærum. Frå 1958 er Polhøgda ei sjølveigande stifting. Fridtjof Nansen-Stiftelsen har som oppgåve å driva forsking knytt til Nansen sine arbeidsfelt. Forskinga skjer gjennom Fridtjof Nansens Institutt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fridtjof Nansen

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]