San Francisco internasjonale lufthamn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
San Francisco internasjonale lufthamn
San Francisco International Airport

SFO at night.jpg
Luftfoto om natta

IATA: SFOICAO: KSFOFAA: SFO
Oversyn
Flyplasstype Offentleg
Eigar San Francisco Airport Commission
Tener San Francisco
Stad San Mateo County
Høgd  4 moh


Koordinatar 37°37′08″N 122°22′30″W
Nettside www.FlySFO.com
Rullebanar
Retning Lengd Banedekke
fot meter
10L/28R 11 870 3 618 Asfalt
10R/28L 10 602 3 231 Asfalt
1R/19L 8 648 2 636 Asfalt
1L/19R 7 500 2 286 Asfalt
Statistikk (2007)
Passasjerar 35 790 746
Fly i verksemd 375 579

San Francisco internasjonale lufthamn (offisielt: San Francisco International Airport, ofte berre kalla SFO) er ei stor internasjonal lufthamn som ligg 21 km sør for bykjernen i San Francisco, California, USA, nært ved dei mindre byane Millbrae og San Bruno. Lufthamna har ruter til andre stader i Nord-Amerika og til Europa, Asia og Australasia.

I San Francisco Bay Area er lufthamna den største, men i delstaten California er Los Angeles International Airport den travlaste. I 2006 var lufthamna målt i passasjerar den 13. største i USA, og den 23. største i verda. Ho blir nytta i stor grad av United Airlines, Virgin America og Alaska Airlines.

Lufthamna har mange servicetilbod for passasjerane, mellom anna eit stort utval av mat- og drikkestader, butikkar, oppbevaring av bagasje, dusjar, ein medisinsk klinikk og assistanse for passasjerar som har gått seg bort.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Flyplassen blei opna den 7. mai 1927 på eit 150 dekar (607.000 m²) stort område som tidlegare hadde vore beitemark. Landet blei leigd ut av den framståande lokale grunneigaren Ogden L. Mills, (som igjen hadde leigd området frå bestefaren hans Darius O. Mills) og bli kalla Mills Field Municipal Airport. Flyplassen heitte Mills Felt til 1931, då han blei omdøypt til San Francisco Municipal Airport. Municipal blei erstatta med International i 1955.

US Weather Bureau begynte å gjere vêrobservasjonar på Mills Field i mai 1927. Vêrobservasjonane heldt fram under National Weather Service, som blei halde ved like av Bay Area vêrvarslingskontor i kontrolltårnet, fram til kontoret blei flytta til Redwood City.

United Airlines brukte Mills Field-flyplassen samt Oakland Municipal Airport for sine tenester utover 1930-talet.

Frå 1935 av brukte Pan American World Airways anlegget som terminal for sitt China Clipper-sjøfly, som flaug over Stillehavet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]