San Salvador på Bahamas
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
San Salvador, Bahamas er ei øy og eit distrikt søraust i staten Bahamas i Det karibiske havet. Øya har eit areal på 94,9 km², er 11,2 km brei aust-vest og 19,25 km lang i nord-sør retninga. Ho er omslutta av korallrev rundt kysten med unnatak frå området i vest der hovudstaden Cockburn Town ligg med god hamnetilhøve.
Fram til 1925 trudde ein at San Salvador var identisk med Guanahani, øya som Kristoffer Columbus først kom til i «den nye verda».
I dag bur det om lag 1000 menneske på øya, dei fleste i Cockburn Town. Turisme er vektigaste næringsveg.