Sandwich Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sandwich Bay ved fjøre sjø, sett frå nord.
Foto: Nick Smith

Sandwich Bay er ei lang bukt mellom Ramsgate og Deal i Kent i England. Kystområdet består av sandflater, marskland og sanddyner. Sandlatene er kjend som Sandwich Flats, og strekkjer seg om lag 8 km langs kysten. Sanddynesystemet her er særleg representative for si form.[1]

Bukta er del av naturområdet «Sandwich and Hacklinge Site of Special Scientific Interest», som mellom anna omfattar Sandwich Bay fugleobservatorium og Monk's Wall naturreservat, og er ein del av National Trust-området «White Cliffs of Dover».[2]

«Shingle End» med utsyn over havet.
Foto: Dr Duncan Pepper

Strendene i Sandwich Bay har hovudsakleg grus og mudder, og er fleire stader forholdsvis bratte. I nordenden av stranda er Sandwich Bay fråskild Isle of Thanet av elveestuaret til Stour, der ein finn Pegwell Bay naturreservat og marskland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]