Sasyklagunen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 45°39′N 29°39′E
Sasyklagunen
lagune
none
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
By Tatarbunary
elv Cogalnic, Sarata
stad Svartehavet
 - koordinatar 45°39′N 29°39′E
Djupne 1,05 m
 - Største djupne 3,9 m
Areal 210 km²
Ukraine location map.svg
Locator Red.svg

Sasyk eller Kunduk (rumensk Limanul Sasic, Conduc, tyrkisk Sasık Gölü, Kunduk Gölü) er ein lagune (liman) sør i Ukraina, nær Donaudeltaet. Lagunen dekkjer 210 km2, og djupna er opp mot 3,9 m.

Fram til 1978 var lagunen skild i to: eit nordleg brakkvassområde der elvane Cogalnic og Sarata renn ut, og ein sørleg marin del. Lagunen var skild frå havet av ein 0,5 km brei sandbanke. I 1978 vart det bygd ei betongdemning ved sandbanken og lagunen vart knytt til Donau av ein kanal. I dag er lagunen omforma til eit oligohalint reservoar.