Saviem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein militær Saviem dumparbil på 1990-talet.

Société Anonyme de Véhicules Industriels et d’Equipements Mécaniques (Saviem) er ein tidlegare fransk lastebil- og bussprodusent. Føretaket vart stifta i 1955, ved at Latil, Somua og lastebilavdelinga til Renault gjekk saman. I 1979 gjekk Saviem saman med Berliet og fekk namnet Renault Véhicules Industriels (i dag Renault Trucks).