Schauinsland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Schauinsland
Vinter på Schauinsland, dei kjende Windbuchen, bøketre bøygd av vinden
Vinter på Schauinsland, dei kjende Windbuchen, bøketre bøygd av vinden
Ligg i/på Tyskland Baden-Württemberg i Tyskland
Fjellkjede Schwarzwald
Koordinatar 47°55′N 7°54′EKoordinatar: 47°55′N 7°54′E

Schauinsland er eit fjell nær Freiburg i Tyskland. Det ligg i Schwarzwald og har ei høgd på 1 284 m.

Området vert nytta til fjellturar, skigåing og fjellsykling. Det ligg òg eit solobservatorium i nærleiken. På toppen av fjellet står utkikkstårnet Eugen-Keidel-tårnet. Særleg på hausten, under temperaturinversjonar, er det ofte flott utsyn frå Schauinsland til Vogesane. Under dei rette vêrtilhøva kan ein òg sjå store delar av dei sveitsiske Alpane.

Gruvedrift[endre | endre wikiteksten]

I over 700 år var det drive gruvedrift etter bly, sølv og sink i området. Produksjonen var nedlagd i 1954.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Schauinsland

Kjelde[endre | endre wikiteksten]