Humaniora

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Humaniora (eller Studia Humanitatis) er den vanlege samlenemninga på dei humanistiske vitskapane, som skilde frå naturvitskapane. Fagkrinsen er og kalla humanvitskap, moralvitskap eller åndsvitskap. Humaniora omfattar språkvitskap, litteraturvitskap, musikkvitskap og kunstfaglege tilnærmingar, i tillegg til historie og filosofi. I Noreg har fagkrinsen difor lenge vore kalla "Historisk-filosofisk".

Omgrepet Studia Humanitatis vart skipa på 1300-talet av humanisten Coluccio Salutati, for å skilja fagkrinsen frå teologi og metafysikk. Nemninga hadde han funne i breva etter Cicero, som hadde skrive om Humanitas, eit omgrep som omfattar danning og forbetring av mennesket som åndsvesen.

Skipinga av den humanistiske fagkrinsen var eit tydeleg brot med den mellomalderlege skolastikken, og inndelinga i Artes Liberales, som hadde vore ein del av utdanninga ved mellomalderuniversitetet. Dette bana og vegen for ei meir tydeleg spesialisering av fagkunnskap i ulike fagkrinsar, med tida følgt opp av naturvitskap og samfunnsvitskap, alle med sin særskilde metodikk og vitskapsforståing.